Om ossUtviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) er ei nasjonal satsing som skal bidra til å styrke kvaliteten i helse- og omsorgstenestene. Det er 21 utviklingssenter i landet . I Sogn og Fjordane regionen er Sunnfjord kommune vertskommune for ordninga. Utvikling gjennom kunnskap» Visjonen til USHT er "Utvikling gjennom kunnskap". Målgruppa er først og fremst leiarar og tilsette i sjukeheim og heimebaserte tenester i kommunane i fylket. Vi bidreg i kvalitetsarbeidet gjennom: fag- og kompetanseutvikling spreiing av ny kunnskap, nye løysingar og nasjonale føringar Overordna satsingsområde USHT skal bidra til utvikling innanfor nasjonale satsingsområde, med utgangspunkt i lokale behov. Dei overordna satsingsområda er: Utvikling i samarbeid med pasientar, brukarar og pårørande Fagleg omstilling i tenestene Den nye heimebaserte tenesta Fornying og innovasjon Samfunnsoppdraget skal løysast ved å: legge til rette for samarbeid og kunnskapsdeling mellom kommunane gjennom nettverk og arena for leiarar og tilsette bidra til utvikling av kunnskapsbasert praksis bidra til innovasjon og nye løysingar, og implementering av desse tilby råd og rettleiing, metodar og verktøy i fagutviklings- og forbetringsarbeid medvirke til og tilrettelegge for forsking som er praksisnær og relevant for kommunale helse- og omsorgstenester Du finn meir informasjon på den nasjonale heimesida til USHT. USHT Vestland (Sogn og Fjordane) sine satsingsområde Kvart utviklingssenter definerer eigne mål og satsingsområde innanfor ramma av nasjonale føringar. Våre hovudaktivitetar er innanfor: Leve heile livet Demensomsorg Velferdsteknologi Pasienttryggleik Fagnettverk innan eldremedisin/eldreomsorg Lindrande behandling ABC-oppæringsmodell Forsking/tilrettelegge for forsking Du kan elles lese meir om dei ulike prosjekta og aktivitetane ved å bruke menyen - Satsingsområde, og ved å sjå: Handlingsplan 2023 USHT Vestland (Sogn og Fjordane) (PDF, 431 kB) Årsrapport 2022 USHT Vestland (Sogn og Fjordane) (PDF, 480 kB) Sist endra 28.04.2024 19.41