USHT

Om oss

Om oss

Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) er ei nasjonal satsing som skal bidra til å styrke kvaliteten i helse- og omsorgstenestene. Det er 21 utviklingssenter i landet . I Sogn og Fjordane regionen er Sunnfjord kommune vertskommune for ordninga.

Utvikling gjennom kunnskap»

Visjonen til USHT er "Utvikling gjennom kunnskap". Målgruppa er først og fremst leiarar og tilsette i sjukeheim og heimebaserte tenester i kommunane i fylket. Vi bidreg i kvalitetsarbeidet gjennom:

  • fag- og kompetanseutvikling
  • spreiing av ny kunnskap, nye løysingar og nasjonale føringar

Overordna satsingsområde

USHT skal bidra til utvikling innanfor nasjonale satsingsområde, med utgangspunkt i lokale behov. Dei overordna satsingsområda er:

  • Utvikling i samarbeid med pasientar, brukarar og pårørande
  • Fagleg omstilling i tenestene
  • Den nye heimebaserte tenesta
  • Fornying og innovasjon

Samfunnsoppdraget skal løysast ved å:

  • legge til rette for samarbeid og kunnskapsdeling mellom kommunane gjennom nettverk og arena for leiarar og tilsette
  • bidra til utvikling av kunnskapsbasert praksis
  • bidra til innovasjon og nye løysingar, og implementering av desse
  • tilby råd og rettleiing, metodar og verktøy i fagutviklings- og forbetringsarbeid
  • medvirke til og tilrettelegge for forsking som er praksisnær og relevant for kommunale helse- og omsorgstenester

Du finn meir informasjon på den nasjonale heimesida til USHT.

USHT Vestland (Sogn og Fjordane) sine satsingsområde

Kvart utviklingssenter definerer eigne mål og satsingsområde innanfor ramma av nasjonale føringar. Våre hovudaktivitetar er innanfor:

  • Leve heile livet
  • Demensomsorg
  • Velferdsteknologi
  • Pasienttryggleik
  • Fagnettverk innan eldremedisin/eldreomsorg
  • Lindrande behandling
  • ABC-oppæringsmodell
  • Forsking/tilrettelegge for forsking

Du kan elles lese meir om dei ulike prosjekta og aktivitetane ved å bruke menyen - Satsingsområde, og ved å sjå:

 

 

 

 

 

 

Kontakt

Marta Strandos
Leiar for utviklingssenteret
E-post
Telefon 57 61 26 54
Mobil 415 26 416

  

Liselotte Norman
Utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 61 26 80
Mobil 971 90 035
Berit Ullebust
Kreft- og utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 61 28 18
Mobil 948 24 254
Annette Eri Norevik
Utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 72 21 38
Mobil 473 67 111
Kjell Olav Bondevik
Prosjektleiar for velferdsteknologi i Sogn og Fjordane
E-post
Telefon 57 68 20 93
Mobil 928 72 797
Anne Marte Sølsnes
Utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 61 26 53
Mobil 971 21 421