Om Leve heile livet

Reforma «Leve heile livet» skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger og vere trygge på at dei får god hjelp når dei treng det. Kvalitetsreforma for dei eldre skal handle om fellesskap, aktivitet, mat og helsehjelp

Leve heile livet som embetsprosjekt hos Statsforvaltaren 2020 - 2022

Prosjektet skal bidra til at kommunane møter endringane i befolkningssamansetninga på ein måte som gjer at vi kan leve gode liv så lenge som mogleg.

Statsforvaltaren vil bidra til 

  • at kommunane utformar gode, tilpassa tiltak og løysingar for arbeidet i eigne planar 
  • tett og godt samarbeid mellom sektorar i kommunane og hos Fylkesmannen 
  • aktive og medverkande eldre i kommunane, og gode, tilrettelagte tilbod 
  • godt og systematisk arbeid med kompetanseheving, kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik i kommunane 
  • god dialog og likeverdig samarbeid mellom regionalt støtteapparat i fylket 

Det vert tilbod om støtte og rådgjeving til utvikling, iverksetting og evaluering av lokalt planarbeid og tilrettelegging av nettverk og møteplassar med kommunane, fylkeskommunen og  spesialisthelsetenesta. 

Prosjektgruppa hos Statsforvaltaren består av Åse Vaag (plan, prosjektleiar), Anne Eli Wangen (helse, oppgåveansvarleg), Janne Weltzien Listhaug (helse), Ragna Flotve (landbruk), Beate Helland (helse) og Ingunn Elise W. Erichsen (helse). 

I tillegg til det regionale støtteapparatet, har vi også ei koordineringsgruppe der fylkeseldrerådet i Vestland, Senter for omsorgsforsking og Vestland fylkeskommune også er med.