Kva er ABC opplæringa?
ABC-opplæringa er ein tverrfaglig opplæringsmodell utvikla av Nasjonalt senter for aldring og helse på oppdrag fra Helsedirektoratet. Målet er å gi tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene moglegheit til å tilegne seg oppdatert fagkunnskap knytt til aktuelle fagtema, og å styrke kunnskapen om kva som er god praksis i henhold til nasjonale retningslinje, lovverket og forskrifter.
Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet har på bakgrunn av gode resultat med ABC-opplæringa, vidareført satsinga som ein del av Kompetanseløft 2025 og Demensplan 2025. Kommuane kan derfor kan søke om økonomisk støtte i perioden fra 2021 og ut 2025, med forbehold om årlege løyvingar i statsbudsjettet.
Opplæringa er bygd opp rundt innhaldet i ABC-permane, i kombinasjon med deltaking i tverrfaglige refleksjonsgrupper og fagseminar. For kvart ABC-hefte deltar deltakarane på ei studiegruppesamling på minimum 1,5 time, med fokus på fagleg diskusjon og refleksjon. Hefta les deltakarane i forkant av studiegruppesamlinga. Deltaking på to fagseminar per perm er òg ein obligatorisk del av ABC-opplæringa.
Opplæringa er for alle, uavhengig av utdanning, rolle eller yrkesbakgrunn, og studiebevis blir tildelt deltakarar som har lese alle ABC-hefta, og deltatt på fagsminara og minimum 80% av studiegruppesamlingane.
USHT tilbyr opplæring på desse fagområda
Demensomsorg
Demensomsorgens ABC er samla i to permar, og gir nødvendig og oppdatert kunnskap om demens, personsentrert omsorg og miljøbehandling, i tråd med anbefalingane i Nasjonal faglig retningslinje om demens
Eldreomsorg
Eldreomsorgens ABC gir auka kunnskap om aldringsprosessar og korleis ein som helsepersonell møter personar med ulike aldersrelaterte utfordringar, og bidrar til at tilsette i helse- og omsorgstenestene får oppdatert og videreutvikla sin kompetanse i tråd med krav og behov i eldreomsorga.
Eldreomsorgas ABC gir moglegheit til fordjuping i Geriatri, Funksjonshemning og Psykiske sjukdommar.
Musikkbasert miljøbehandling
Musikkbasert miljøbehandling er eit opplæringstilbod om integrert musikk, sang og bevegelse i miljøbehandling. Opplæringa gir kompetanse i bruk av musikk for å auke livskvalitet, meistring og eigeverd for pasientar og brukere, og gi nye verktøy for å betre tilsette sin kvardag.
Utviklingshemming
Mitt livs ABC omfattar ei grunnleggande opplæring i viktige tema innan tenesteyting til personar med utviklingshemming, gjennom livsløpet. Arbeider du med barn, vaksne eller eldre i for eksempel barnehage, skule, tilrettelagte arbeidsplassar eller i bufellesskap, er dette kompetansehevingsløpet for deg.
Samarbeidspartar
Nasjonal kompetansetjeneste for Aldring og Helse har utvikla studiematerialet og har ansvar for å koordinere arbeidet med spreiing og gjennomføring av opplæringa. Dette blir gjort i nært samarbeid med Statsforvaltaren og regionale kompetansemiljø. I tidlegare Sogn og Fjordane er det USHT som koordinerar ABC-aktiviteten.
Trykk her for å lese meir om ABC-opplæringa til Aldring og Helse
Ressurssamling