USHT

Lindrande behandling

Vi ynskjer at de blir med oss den 2.11 for å høyre spennande foredrag og dele erfaringar i samarbeid med andre. Fagdagen vert på Thon Hotel Jølster, og varer frå kl.10.00 til 15.30 med ein lengre lunsj. Vi skal høyre innlegg frå lokale og nasjonale ressursar og vil mellom anna vere innom verktøy og kompetansepakkar som Openheit om døden. Det vil komme fleire detaljar seinare - men vi ynskjer å vere ute i god tid slik at du får moglegheit til å setje av dagen.

Invitasjon i PDF (PDF, 41 kB)

Sunnfjord kommune har søkt og fått tildelt midlar frå Helsedirektoratet til innføring av Lindrande plan og tiltakspakke for Livets siste dagar.

Erfaringar frå arbeid med alvorleg sjuke har vist behov for betre rutinar i behandling av døyande og oppfølging av pårørande. Vi ser også behov for å betre dokumentasjon og kontinuitet rundt den alvorleg sjuke pasienten ved hjelp av palliativ plan.