Demensomsorg

Kvalitet i tenestene til personar med demens og deira pårørande / Demensomsorg er eit viktig satsingsområde for USHT Vestland (Sogn og Fjordane). Målet er å bidra til at kommunane i Sogn og Fjordane-regionen planlegg og gjennomfører sine tenester i tråd mål, satsingsområde og tiltak i Demensplan 2025.

USHT Vestland (Sogn og Fjordane) rettleiar på fag og prosess, ynskjer vi å vere ein ressurs for kommunane i vårt nedslagsfelt i arbeid med kvalitet og kontinuitet i tenestene til personar med demens og deira pårørande. I 2022-2023 har vi eit særleg fokus på i perioden frå mistanke om demens fram til det er behov for heildøgnomsorg, med vekt på rutine som bidrar til at personar med mistanke om demens blir utreda, og at familiar ramma av demenssjukdom får tilbod om informasjon, hjelp og støtte så snart som mogleg etter at diagnosen er stilt, i tråd med Nasjonal fagleg retningslinje om demens.

Sentrale grunnlagsdokument:

Nasjonal fagleg retningslinje demens er ikkje rettsleg bindande for kommunane, men skal skal bygge på kunnskapsbasert praksis og vere fagleg normgivande og skildrar god og forsvarleg praksis.

Veiviser demens er utviklet av Helsedirektoratet, Aldring og helse og Nasjonalforeningen for folkehelsen, og gir konkrete råd og tips til korleis kommunane kan følgje opp anbefalingane i nasjonal faglig retningslinje om demens. Målet er sikre at familiar ramma av demenssjukdom får tilbod om rett tiltak eller teneste til rett tid, på rett nivå, gjennom heile demensforløpet.

Demenskartet er eit interaktivt norgeskart som presenterer estimat for førekomst av demens i norge - og på kommunenivå, og prognose for korleis tal personar med demens vil utvikle seg fram til 2050

Strategiane og tiltaka i Demensplan 2025 skal bidra til å sikre langsiktig og heilskapleg planlegging av lokalsamfunn og omgjevnadar. Samtidig skal ein sørge for riktig dimensjonering og kvalitetsutvikling av tenester.