Læringsnettverk demens

Systematisk oppfølging av heimebuande personar med demens og pårørande

Helsedirektoratet lyste hausten 2021 ut midlar til Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) knytt til Demensplan 2025. Målet med tilskotsordninga var å bidra til implementering av gode forløp i dei kommunale helse- og omsorgstenestene for personar ramma av demenssjukdom og deira pårørande.

USHT inviterte med bakgrunn i dette til eit læringsnettverk. Læringsnettverket rettar særleg fokus på perioden frå mistanke om demens fram til det er behov for heildøgnomsorg, med mål om å etablere rutinar for systematisk oppfølging av heimebuande personar med demens og deira pårørande - i tråd med Nasjonal fagleg retningslinje om demens

om læringsnettverket

USHT Vestland (Sogn og Fjordane) inviterte våren 2022 kommunane i Sogn og Fjordane-regionen til å delta på læringsnettverk Systematisk oppfølging av heimebuande personar med demens og pårørande.

Læringsnettverket rettar fokus på perioden frå mistanke om demens fram til det er behov for heildøgnomsorg, med vekt på tiltak/rutinar som bidrar til at:

  • Personar med mistanke om demens blir utreda
  • Personar med demens og deira pårørande blir kontakta av ein fast kontaktperson, og får tilbod om informasjon, hjelp og støtte så snart som mogleg etter at diagnosen er stilt
  • Familiar ramma av demenssjukdom får tilbod om rett tiltak/teneste til rett tid
  • Regelmessige kartleggingsbesøk som sikrar at kommunen fangar opp endringar i hjelpebehov, gjennom heile sjukdomsforløpet

Kvar kommune set saman eit forbetringsteam og vel sjølv område for forbetring. USHT nyttar Veikart for tenesteinnovasjon i planlegging og gjennomføring av læringsnettverket, og vil rettleie på både fag og prosess - individuelt og i gruppe.

Læringsnettverket går over ein periode på eitt år, med oppstart oktober 2022. Samla inviterer vi til fire fysiske samlingar. På samlingane vil ein prioritere erfaringsdeling og læring på tvers, samstundes som aktuelle demensfaglegetema vil bli introdusert, forbetringsverktøy og målemetodar. Mellom samlingane vil vi i tillegg til å invitere til digital erfaringsdeling, vere tilgjengeleg for individuell rettleiing med utgangspunkt i kommunane sine behov.

Kontakt

Toril Terum
Utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 72 60 51
Mobil 99 61 05 34