Læringsnettverk for demens - andre samling

7. februar 2023  var vel 50 deltakarar samla på Skei - andre samling i læringsnettverket.

Bilde av verktøy knytta til gruppediskusjonar for læringsnettverk demens - Klikk for stort bilete

Til saman 12 kommunar i Sogn og Fjordane-regionen deltar på læringsnettverk Systematisk oppfølging av heimebuande personar med demens i regi av USHT Vestland (Sogn og Fjordane). Målet er å etablere rutinar for systematisk oppfølging av heimebuande personar med demens og deira pårørande, i tråd med Nasjonal fagleg retningslinje om demens.

På samlingane legg vi vekt på å skape rom for deling og refleksjon. Deltakarane starta med å dele innsikt frå kartleggingane dei har gjort i eigne kommunar og fortelje kva dei er gode på.

Deretter var det ein arbeidsøkt knytt til innsikt- og forankringsarbeidet, der vi fokuserer på kva vi allereie har, kva vi ønskjer å oppnå, kva moglegheiter vi har og kva utfordringar vi ser. Arbeidsmetoden krev aktiv dialog og refleksjon frå deltakarane. Målet er å bidra til gode prosessar fram mot å velje område for forbetring, samt å planlegge vegen vidare mot treffsikre løysingar.

Bilde av deltakarar som sitt rundt eit bord og skriv ned tankar / diskuterar knytt til nevnte tema - Klikk for stort bilete

Deltakarane fekk også tips til aktuelle verktøy i den vidare prosessen, knytt til alt frå framdriftsplan og oppgåvefordeling, innsiktsarbeid, forankring og involvering.

Demens og teknologi

Vi avslutta dagen med eit fagspesifikt tema - Velferdsteknologi i møte med personar med demens. ved Kjell Olav Bondevik.

Bondevik fortalde at  velferdsteknologi kan vere til stor hjelp for personar med demens og deira pårørande. Teknologien kan bidra til auka tryggleik, betre funksjonsevne og meir sjølvstende. Han viste fram fleire ulike typar velferdsteknologi som kan vere nyttige, til dømes sensorar som registrerer bevegelsar eller fall, døropnarar som kan opne og lukke seg automatisk, eller GPS-system som kan hjelpe med å finne att personar. For å ta i bruk velferdsteknologi er det viktig å kartlegge behova til den enkelte og tilpasse teknologien deretter. Det er også viktig å ha god opplæring og støtte, både for personen som skal bruke teknologien og for pårørande og helsepersonell som skal følgje opp. 

Bilde av Kjell Olav Bondevik - Klikk for stort bileteBondevik jobbar med velferdsteknologi og digital heimeoppfølging i E-helse Vestland. Han er og regional velferdsteknologikoordinator i Vestland på oppdrag frå KS.

I april blir det ein fysisk og digital samling for å følgje opp arbeidet. USHT er elles tilgjengeleg for individuell rettleiing ved behov – kommunane er velkomne til ta kontakt.

Artikkelliste

Kontakt

Toril Terum
Utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 72 60 51
Mobil 99 61 05 34