Om Gode pasientforløp

KS gjennomfører regionale læringsnettverk for Gode pasientforløp i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI) på oppdrag for Helse- og omsorgsdepartementet. Målet er å sikre brukernes behov for å møte helhetlige, koordinerte og trygge tjenester.

​Gode pasientforløp starta med to læringsnettverk i 2014–2015. Sidan 2016 er det gjennomført åtte læringsnettverk til: Rogaland, Agder, Nordland, Hedmark og Oppland, Oslo, Møre og Romsdal, Ofoten, Troms og Finnmark og Østfold. Totalt har 148 av kommunane i landet delteke i Gode pasientforløp for eldre og kronisk sjuke saman med helseføretaka i regionen.

Nasjonalt læringsnettverk for Gode pasientforløp blir vidareført i tre nye år for at alle kommunane og helseføretaka i landet skal få tilbod om å delta (Meld. St. 15, 2017–2018). Medan det tidlegare har vore gjennomført separate læringsnettverk for høvesvis eldre og kronisk sjuke og psykisk helse og rus, vil arbeidet i perioden 2020–2023 omfatta alle vaksne brukarar av helse- og omsorgstenester. Kvart læringsnettverk blir tilpassa lokale forhold.

Arbeidet i Gode pasientforløp er retta inn mot brukarar med samansette behov for helse- og omsorgstenester. Satsinga vektlegg å flytta merksemda frå å spørja «kva er i vegen med deg?» til «kva er viktig for deg?» og utvikle pasientforløp og systematisk tverrfagleg oppfølging. 

Arbeidet i læringsnettverka byggjer på erfaring med Helhetlig pasientforløp i heimen (HPH), eit utviklingsprosjekt som vart gjennomført i Trondheim/Orkdalsregionen i 2009. Professor emeritus Anders Grimsmo og forskarar ved NTNU har vore viktige bidragsytarar i utviklingsarbeidet. Forløpstrukturen er godt dokumentert gjennom doktorgradsarbeidet til kommuneoverlege Tove Røsstad. Grimsmo deltek på nettverkssamlingane og er ein viktig ressurs og mentor for satsinga.

Effektmål for Gode pasientforløp


•    Brukaren/pasienten opplever å vera likeverdig i utarbeiding av pasientforløpet sitt
•    Pasientens helseteneste i kommunar og sjukehus skal vera systematisert i heilskaplege, koordinerte og trygge pasientforløp 
•    Kommunar og sjukehus arbeider kontinuerleg med å betra overgangane i pasientforløpet
•    Helsefremmende meistring er sentralt i arbeidet med gode pasientforløp i kommunane og sjukehus
•    Kommunar og sjukehus samarbeid som partnarar om det gode pasientforløpet

Framdriftsplan

Læringsnettverket startar med oppgåver og førebuing tre månader før første samling, 3. og 4. mars 2021, for så å strekkja seg over ein periode på 18 månader. Deltakarane vil totalt delta på fire todagars samlingar organiserte som nettbasert eller fysisk samling. Kommunar og sjukehus vil få oppfølging før, under og etter oppstart. 

Tidspunkt for samlingene


1. samling:     3. og 4. mars 2021
2. samling:     9. og 10. juni 2021
3. samling:     1. og 2. desember 2021
4. samling:     31.august og 1. september 2022

I nettmøte med kommunalsjefane 20. august inviterte Sigrid J. Askum i KS og Anders Vege i FHI til deltaking i læringsnettverk. Tilsvarande møte med sjukehusleiinga vart halden 13. oktober. Med utgangspunkt i tilbakemeldingar i desse to møta, vart det vedteke å etablera læringsnettverk for Gode pasientforløp i Sogn og Fjordane.

Invitasjon og førebuandepakke har vorte send ut til alle kommunane i opptaksområdet til Helse Førde og Helse Førde.

Filmen under illustrar ideal situasjonen, her er det rom for lokale variasjonar: