Om observasjonskompetanse

Klinisk observasjons kompetanse (KlinObs)

Kommunane mottar stadig sjukare pasientar og brukarar. Derfor må tilsette i helsetenestene få styrka akuttkompetansen sin.

Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) tilbyr i samarbeid med ambulansesjukepleier i Helse Førde eit fagleg opplegg for å styrke den kliniske observasjonskompetansen i kommunane. Målet er tidleg oppdaging av forverra tilstand hos pasientar og brukarar for å førebyggje alvorleg sjukdom og død. Det vert lagt vekt på teoretisk innføring og praktisk øving. Fokus i det faglege innhaldet er vitale målingar, ABCDE prinsippa og verkty for å risikovurdere og kommunisere observasjonar på ein systematisk måte.

Opplegget består av tre fysiske samlingar a’ tre timar med teori, praktisk demonstrasjon og øvingar. 

Målgruppa er fagutviklingssjukepleiar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar eller andre ressurspersonar som skal ha ei rolle med å følgje opp klinisk observasjonskompetanse på eigen arbeidsplass. Deltakarar kan vere frå sjukeheim, heimetenester og  bu- og miljøteneste.

Organisering og påmelding

USHT tilbyr opplæringa vår og haust. Det vert sendt ut informasjon om oppstart og påmelding i forkant. Det vert ut frå påmeldingar avklart kva kommune som kan vere vertskommune for samlingane. USHT organiserer og leiar samlingane saman med ambulansesjukepleiar. Tilbodet er i utgangspunktet gratis med mindre det vert kostnadar knytt til lokale.

Førebuing kommunar

Leiarar kartlegg og avklarar kven som skal vere ressursperson på eiga eining eller på tvers av einingar, og deira rolle etter opplæringa. Deltakarar må ha med utstyr som manuelt blodtrykksapparat, stetoskop og saturasjonsmål på samlingane.

Vedlikehald i praksis

Fagleg sett er det berekraftig med eigne opplærte ressurspersonar i kommunen. Og at vidare opplæring av tilsette skjer i eiga avdeling med fokus på lokale forhold og miljøet ein arbeider i. Noko som også kan betre arbeidsprosessar.

Det er viktig med lokal leiarforankring og leiarengasjement for at kompetansen skal komme brukarar og tilsette til gode. Leiarar må legge til rette for øvingar i praksis og innføring av nye verkty og arbeidsprosessar. Ressurspersonar kan bistå leiinga med utarbeiding av rutinar for observasjonskompetanse og kvalitetssikring av desse. Ressurspersonar treng også støtte frå leiinga, og det å dele erfaringar med andre på tvers av einingar og kommunar. 

USHT vil legge til rette for erfaringsdeling og er tilgjengeleg for individuell rettleiing.

Kontakt

Berit Ullebust
Kreft- og utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 61 28 18
Mobil 94 82 42 54