Digital opplæringspakke for helsefagarbeidarar i lindrande behandling og omsorg ved livets slutt

For å auke kompetansen i lindrande behandling i kommunane gav Helsedirektoratet i 2014 Høgskolen i Innlandet oppdrag om å utvikle ein digital opplæringspakke for helsefagarbeidarar.Opplæringspakken vart oppdatert i 2019 etter Nasjonal retningslinje for palliasjon  (Helsedirktoratet 2019). Opplæringspakken inneheld fire emne, der deltakarane skal tileigne seg fagstoffet på eiga hand. Det er stort fokus på refleksjon i gruppe etter kvart emne, der gruppesamlingane vert leia av ein mentor frå eigen arbeidsplass.

Organisering og rettleiing

Utviklingssenteret skal rettleie mentorane på gruppeleiarrolla både på samlingar og individuelt. Ressurssjukepleiarar i lindrande behandling har kompetanse innan temaet, og er aktuelle mentorar for gruppesamlingar på eigen arbeidsplass.Vi har difor inngått eit samarbeid med Ressursnettverket for sjukepleiarar i lindrande behandling og kreftomsorg, Helseregion Vest.

Den 15 oktober 2020 arrangerte Utviklingssenteret digital oppstartssamling for mentorane. Det er samla sett 240 deltakarar på opplæringspakken frå 12 kommunar, der 33 av desse er mentorar. Det er planlagt digital oppfølgingssamling for mentorar 8 desember.

Presentasjon: Oppstartssamling mentorar (PDF, 3 MB)

Kontakt

Berit Ullebust
Kreft- og utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 61 28 18
Mobil 94 82 42 54