Tredje samling CRPD-nettverk Vestland

USHT inviterte til fysisk samling i CRPD-nettverket 18-19. januar i Førde. Hovudmålet for samlingane er å dele kompetanse og erfaring som sikrar at utviklingshemma får helse- og omsorgstenester som byggjer på dei grunnleggande prinsippa i FN-konvensjonen om rettar til personar med nedsett funksjonsevne.

Kommunar frå heile Vestland deltok på den fysiske samlinga, det var òg fleire viktige aktørar med. Til dømes representantar frå Statsforvaltaren, Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU), Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU).

Dag 1

Dagen starta med ein presentasjon frå NAKU ved Linda Barøy. Ho presenterte kapittel 3 i den nasjonale rettleiaren Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming. Barøy fortalde korleis rettleiaren er knytt til menneskerettane og viste også frem fleire supplerande ressursar frå NAKU.

Lennart Sølsnes Røsten og Aud Elisabeth Witsø frå NAKU gav ei introduksjon til samtaleverktøyet Fuelbox. Fuelbox hjelper tenesteytarar med å skape gode samtalar mellom tenesteytarar og personar med utviklingshemming, dette er svært viktig for å finne gode løysingar og få ein god kvardag. Lennart og Aud Elisabeth har begge vore med på å utvikle verktøyet og kom med fleire gode døme på korleis det kan nyttast i medverknadsprosessar. Meir om Fuelbox (NAKU)

Bilde av deltakarar i gruppearbeid, viser og utdelt Fuelbox - Klikk for stort bilete

Sølvi Linde frå HVL hadde eit innlegg for å rydde opp i ulike omgrep, til dømes skilnader mellom brukarmedverknad, sjølvbestemmelse, beslutningsstøtte og medbestemmelse.

Linde trakk særleg fram at brukarmedverknad skjer på ulike nivå:

  • På individnivå handlar det om den einskilde sin rettar og moglegheiter til å ha innverknad på behandlinga dei får i helse- og omsorgstenestene.
  • På tenestenivå inneber det at brukarrepresentantar samarbeider med fagpersonar i helsetenestene, til dømes på eit sjukehus.
  • På systemnivå inneber det at brukargrupper og brukarorganisasjonar vert involverte i planlegging av tiltak og tenester, til dømes gjennom samarbeid med kommunen, Statsforvaltar eller direktorat
Bilde av ein deltakar med eit USHT nett der det står utvikling gjennom kunnskap - Klikk for stort bilete

Hilde Guddingsmo frå Universitetet i Nord forskar på korleis det opplevast å bestemme sjølv når ein har utviklingshemming og bur i bufellesskap. Ho har saman med Oddbjørn Johansen gjennomført datainnsamling gjennom intervju og kreative workshops. Guddingsmo fortalde om korleis personar med utviklingshemming ikkje får tilstrekkelege moglegheiter til å ta val sjølv - ofte er det eit resultat av at behov og strukturar i bolig står i vegen. Innlegget frå Guddingsmo hadde fleire sterke sitat frå dei ho har intervjua - dette var grunnlaget for ei lengre refleksjon og diskusjon om statusen i eigne kommunar for deltakarane.

Bilde av konferanselokale der Hilde Guddingso som deltek digitalt er på storskjerm - Klikk for stort bilete

Sadeta Demic og Anita Gjermestad frå VID hadde eit innlegg om korleis ein kan tilretteleggje for beslutningsstøtte til personar med alvorleg utviklingshemming. Dei hadde gjennomført ein studie med tenesteytarar. Eit sentralt element Demic trakk fram var at for å kunne gje beslutningsstøtte må ein kjenne den enkelte personen og deira unike og særeigne måtar å uttrykke ynskjer, vilje og preferansar i kvardagslege situasjonar. Demic fortalde vidare om kor viktig det er å sette slike erfaringar i eit system. Til dømes ved å kartlegge og organisere kunnskapen slik at det blir vidareført som ein del av praksis. Vidare fortalde Demic om korleis rutinar og strukturar kan utfordre god beslutningsstøtte.

Dag 2

Sølvi Linde frå HVL starta den andre dagen med eit innlegg som tok opp korleis beslutningsstøtte heng saman med tenesteytarar sine haldningar. Ho peika på at haldningane til tenesteytar ofte speglar haldningane i samfunnet. Dette kan vere problematisk for å gje god beslutningsstøtte, fordi det krev forståing og tilrettelegging. Då kan ein som tilsett ende opp i ein klem mellom system, haldningar, normer og verdiar i samfunnet og ynskje/behov til personar med utviklingshemming. Geir Johannsen frå Osterøy kommune heldt deretter eit innlegg om konkrete døme på korleis ein kan jobbe med beslutningsstøtte i praksis.

Gitle Sande frå NFU hadde eit viktig innlegg frå brukarsida for å få deira perspektiv fram. NFU har gjennomført intervju med personar som bur i kommunale bustadar og som har kommunal omsorg. Det gav innsikt i forskjellige kvardagssituasjonar nokre brukarar utøver sjølvbestemmelse.

Det vart sett av tid til eit gruppearbeid der deltakarane skulle diskutere eigne system med utgangspunkt i:

  1. I kva dokument kjem det frem korleis det skal leggjast til rette for sjølvbestemmelse?
  2. I kva dokumenter kjem det frem korleis din kommune skal sørge for medverknad i planlegging, utforming, gjennomføring og evaluering av eigne tenester?
  3. Korleis dokumenterast dette?​​​​​​
Bilde av deltakarar i gruppediskusjon - Klikk for stort bilete

Etter gruppearbeidet hadde Emil Meby Steen frå Bergen kommune eit innlegg der han snakka om kva ein gjer når ein har nokon som ikkje ynskjer hjelp. Han illustrerte gjennom fleire utvalde døme der brukarar ikkje ynskjer hjelp, men har behov for det, og korleis ein kan løyse slike situasjonar.

Til slutt hadde Statsforvaltaren i Vestland ved Elisabath Larsen eit innlegg om sjølvbestemmelse og forsvarlege tenester i eige heim - kva plikter vi å gjere når personar ikkje ynskjer hjelp? Der var også døme og gruppediskusjon ein del av innlegget.
​​​Larsen viste ​​​​​​nokre punkt om korleis ein kan vurdera saker der fleire interesser/verdiar kjem i konflikt med kvarandre, til dømes plikta til å hjelpa og retten ein har til sjølvbestemmelse.

  • Kva er det/dei etiske problemet/a?
  • Kva er fakta i saka? Her kan fleire forhold vera relevante. Manglar viktig informasjon?
  • Kven er dei ramma partane, deira interesser, ønske og verdiar?
  • Kva verdiar er utfordra? Finst det retningslinjer på feltet? Kva rammer legg lovverket?
  • Basert på dei første fire punkta: Kva er handlingsalternativa?
  • Heilskapsvurdering og eventuell oppfølging

Etter gruppearbeidet vart det dialog og diskusjon der konkrete problemstillingar vart tekne opp og diskutert.

Bilde frå plenumsdiskusjon ein deltakar gir mikrofon til ein annan - Klikk for stort bilete

Fleire bilde frå samlinga 

Kontakt

Anne Marte Sølsnes
Utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 61 26 53
Mobil 97 12 14 21