Velferdsteknologi

Dei komande åra er det venta ei auke av eldre, saman med ei veksande gruppe av yngre brukarar av helse- og omsorgstenester, men ikkje tilsvarande auke i talet på helsepersonell. Velferdsteknologi blir fremja som eitt av verktøya for å møte utfordringane, og skal bidra til innovasjon og auka kvalitet i tenestene.

Velferdsteknologi er teknologisk assistanse som bidreg til auka tryggleik, sikkerheit, sosial deltaking, mobilitet og fysisk og kulturell aktivitet. Den bidreg til å styrkje den einskilde si evne til å klare seg sjølv i kvardagen trass sjukdom og sosial, psykisk eller fysisk nedsett funksjonsevne. Velferdsteknologi kan òg fungere som teknologisk støtte til pårørande og elles bidra til å betre tilgjengelegheit, ressursutnytting og kvalitet på tenestetilbodet.

Velferdsteknologiens ABC

USHT tilbyr Velferdsteknologiens ABC. Det er ei grunnopplæring om velferdsteknologi, tenesteinnovasjon og korleis ein skal jobbe med velferdsteknologi i ein heilskapleg tenestemodell. USHT arrangerer samlingar for opplæringa og samarbeider med KS kommunenettverk for velferdsteknologi og digital heimeoppfølging (DHO). Kommunane vel kven som skal delta. 

Gjennom programmet får ein innsikt i:

  • Omgrep og praktiske døme
  • Brukarbehov og kartlegging
  • Etikk, lovverk, informasjonstryggleik og personvern
  • Organisering og drift av velferdsteknologi i tenestene
  • Implementering og samskaping av velferdsteknologitenester

Målgruppa er tilsette i kommunal helse- og omsorgsteneste og andre involverte i velferdsteknologiteneste, uavhengig av utdanningsbakgrunn og stillingsnivå.

Nettverk

Å ta i bruk velferdsteknologi er nyttig for både tenestemottakarar og tenestene, men implementering krev kompetanse, kartlegging og vidareutvikling av tenester. Dette er krevjande for den enkelte kommune. Difor har USHT bidrege med ressursar i ulike nettverk over tid, for å legge til rette for erfaringsdeling og prøve ut løysingar på tvers av kommunegrenser.

USHT oppretta saman med Vestlandsforsking og IT-forum Sogn og Fjordane eit fylkesprosjekt kalla Velferdsteknologi Sogn og Fjordane i 2014. Nettverket vart i 2017 del av det nasjonale velferdsteknologiprogrammet (NVP).

E-helse Vestland vart starta i 2020 som eit samarbeidsprosjekt mellom Velferdsteknologi i Sogn og Fjordane og Vestlandsprosjektet – saman om velferdsteknologi. Desse to velferdsteknologiprosjekta omfatta 34 kommunar i Vestland fylke. Prosjektet førde vidare satsingar frå dei to regionale prosjekta.

I 2023 vart KS kommunenettverk for velferdsteknologi og digital heimeoppfølging etablert. Nettverket er ein vidareføring av arbeidet med å støtte kommunar med implementering, samarbeid og erfaringsdeling. Nettverket omfattar alle kommunane i Vestland fylke.

Ressurssamling

Ressursbank om velfersteknologi 

Velferdsteknologiens ABC 

Veikart for tenesteinnovasjon 

Helhetlig tjenestemodell for velferdsteknologi 

Kommunenettverk for velferdsteknologi og digital heimeoppfølging

Kontakt

Marta Strandos
Leiar for utviklingssenteret
E-post
Telefon 57 61 26 54
Mobil 41 52 64 16