Digitale verkty kan redusere oppleving av isolasjon hos eldre

Eldre med svekka helse som bur på institusjon eller heime, er av dei mest sårbare gruppene når det kjem til sjukdomsforløp av koronavirus. Sjukeheimar og andre institusjonar er pålagt besøksforbod og adgangskontroll for å beskytte dei som bur der. Felles aktivitetar og arrangement ved institusjonar er avlyst. Tidlegare forsking viser at mange av dei som bur på sjukeheim opplever einsemd. Nærleik og kontakt med familie og nære er av stor betyding for å motverke dette. Både det å vere i risikogruppe og å ikkje kunne få besøk, kan føre til auka uro hos dei eldre. Pårørande betyr tryggleik og stabilitet. Den sosiale isolasjonen som følgje av tiltaka mot koronavirus er ei ekstra utfordring både for den eldre sjølv, for pårørande og for hjelpeapparatet.

Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester Vestland (Sogn og Fjordane) arbeider til vanleg med   områder som skal bidra til kvalitetsforbetring og auka livskvalitet for dei eldre. Velferdsteknologi er eitt av fleire viktige områder som kan gjere kvardagen vert lettare for dei eldre og dei som arbeider i tenestene.

For dei som vert isolerte, om det er i institusjon eller eigen heim kan digitale kommunikasjons-verkty vere eitt viktig alternativ.
Bruk av videokommunikasjon er etter kvart ein naturleg måte å kommunisere på for folk flest, men innanfor omsorgsbustadar og sjukeheimar er dette lite brukt. Med tanke på utfordringane ved å vere isolert er det viktig å ta i bruk digitale verkty, og at eldre, pårørande og helsepersonell får erfaringar med å nytte desse.

Utviklingssenteret har nyleg innhenta erfaringar om kva verkty som kan vere enkelt å bruke for alle partar. For eldre som kan nytte vanlege nettbrett, smarttelefon eller PC, finst det fleire løysingar til videokommunikasjon som er gratis og enkelt å setje opp. Ofte er dette løysingar som personalet er kjend med frå før.

 

Det finst også verkty med ein skjerm og ein knapp for dei som har vanskar med å nytte smarttelefon eller nettbrett. Her kan heile familien enkelt kople seg opp via ein app, og sende bilete, melding og gjennomføre to-vegs videosamtale med den eldre. Her kan det vere ein fordel at samtalane er avtalt på førehand, og det fordrar eit godt samarbeid mellom familie og personalet for å få dette til å fungere best mogleg.

Alle løysingar krev tilgang til internett. Telefon, og nettbrett som er tilrettelagt for det, kan koplast via 4G.

Lovverket er ikkje til hinder for å nytte desse verktya, her gjeld same lovverk som ved bruk av vanleg mobiltelefon.

Dersom tenestene eller pårørande har spørsmål, eller ynskjer å ta i bruk verktya, kan Utviklingssenteret vere til hjelp i forhold til anskaffing, opplæring og brukarstøtte.

"Du har på en måte hatt besøk, vet du!" 

Artikkel til lokalmedia. Digitale verkty ved isolering av eldre i institusjon