Velferdsteknologiens ABC haust 2023

Oppstartsseminar i ABC velferdsteknologi i Nordfjordeid 20.september.

I samarbeid med KS kommunenettverk inviterer USHT til ei ny runde med ABC velferdsteknologi. Det har vore gode tilbakemeldingar på dei regionale seminara i 2022/2023, der mange kommunar har deltatt med store grupper. Vi ynskjer difor å halde fram med det, og tilbyr oppstartsseminar der det er mange deltakarar frå ein kommune/nærliggande kommunar.

Denne invitasjonen går til kommunane i Nordfjord.

Tid: 20.sept 2023 kl 09.30-15.00
Stad: Nordfjord hotell
Pris: Dagspakke på hotell, kr 690,- pr pers

Agenda:
-    Introduksjon til kva velferdsteknologi er, og kvifor det er viktig å implementere
-    Korleis jobbe med ABC velferdsteknologi – metodikk og arbeidsmetodar
-    Oppstart av gruppearbeid

Målgruppe: Tilsette og leiarar i kommunale helse og omsorgstenester. I tillegg vil vi anbefale andre tilsette som jobbar med velferdsteknologi i kommunane å delta, til dømes IKT, vaktmeistar, oppvekst osv. 

De finn meir informasjon om ABC velferdsteknologi på KS sine nettsider her. De finn òg hefta ein skal bruka i gruppearbeidet på denne sida, og det er nokre utdjupande tema for leiarar. De kan lese hefta her eller skrive dei ut sjølv. Hefta kan òg bestillast frå Natvik trykkeri i Florø, som set dei saman til ei bok. De kan sende bestilling til natvik@natvik.no, pris: 385,- eks moms pr stykk. 
Bestill seinast ei veke før oppstart, slik at hefta kjem før seminaret.