ABC-opplæring haust 2024

Vi er i gang med å planlegge ABC-opplæring for hausten 2024. Vedlagt ligg ei oversikt over permar og oppstartsseminar. Ikkje alle datoar er landa,  vi legg likevel ut oversikta til informasjon. 

Det blir oppstart av Demensomsorgas ABC og Mitt livs ABC, både perm 1 og 2.  Det vil også bli oppsamlingsseminar for dei som ikkje kunne vere med på det store fagseminaret vi hadde i Demensomsorgas ABC 27. mai på Skei. Også dette seminaret vil vere eit kombiseminar, altså fagseminar 2 for både perm 1 og perm 2.