Velkommen til ein fleirstemt konferanse der brukarar, praktikarar, forskarar og leiarar utvekslar erfaringar, kunnskap og visjonar.
Meld deg på
Påmeldingsfrist 1. november
Kva skjer med forståinga vår av helsearbeid og helsehjelp når demografiske og økonomiske endringar skapar nye utfordringar?
Korleis kan bruk av musikk og musikkterapi hjelpe i dei endringsprosessane som kjem?
Konferanseprogrammet består av ulike plenumssesjonar, med vekt på barn og ungdom sin helse, rus og psykisk helse, og helse for eldre. Det vert musikkinnslag, føredrag og samtalar.
Det vert også parallelle føredrag i 5 spor, med leiande fagfolk frå ulike delar av landet.
Nytt for året: Spor 5 er sett av til ein eige Rundebordskonferanse der leiarar frå kommunar og helseføretak presenterer og diskuterer erfaringar med å utvikle musikkterapitilbod, med særleg vekt på forankring, tverrfaglegheit og brukarinvolvering.
Dette året vert konferansen innramma av ein gratis musikkfestival. I samarbeid med Gjenklang, Norsk foreining for musikkterapi og forskingssenteret GAMUT inviterer Polyfon til to gratiskonsertar - du kan oppleve musikk og god stemning både kvelden før (8. november) og kvelden etter Polyfon-konferansen (9. november).
Konferansen er gratis for brukarar, og tilsette og studenter ved Polyfon deltakerinstitusjoner.
For program og priser, se Polyfons nettsider.