Demensdagane 2020

Demensdagane 2020 bydde på eit spennande digitalt program, med lansering av ny Demensplan 2025 og demenskart, samt ny handbok for utredning av demens og handbok for dagaktivitets tilbod til heimebuande personar med demens. Konferansen fokusert også på erfaringar og utfordringar i demensomsorga i møte med Covid- 19 pandemien.  

 

 

Kort om dei nye lanseringane og lenke til aktuelle dokument og nettstadar

 

Demensplan 2025 

Demensplan 2025 er den tredje nasjonale demensplanen og er regjeringa si femårsplan (2021–2025) for å betre tjenestetilbudet til personar med demens og deira pårørande. Det overordna målet er å bidra til eit meir demensvennleg samfunn. 

Demenskartet.no 

Her får du oversikt over kor mange som har demens i din kommune og nasjonalt. Dette kan vere eit nyttig planleggingsverktøy for kommunane. 

Handbok for utredning av demens :

Den nye handboka skildrar korleis utvida demensutredning bør gjennomførast i spesialisthelsetjenesten og korleis samarbeidet mellom tjenestenivåene kan ivaretakast.

Handbok for dagaktivitetstilbod for personar med demens

Denne handboka gir oppdatert kunnskap om korleis  kommunen kan etablere og drive dagaktivitetstilbud for heimebuande personar med demens. Handboka vil være aktuell for tilsette i kommunen som skal jobbe med planlegging og etablering av nye dagaktivitetstilbud til heimebuande personar med demens og personell som arbeider på slike tilbod.

Digital vegvisar demens

På nyåret vil det bli lansert ein digital vegvisar for demens. Denne vil vere ein nyttig vegvisar både for beslutningstakar, tilsette i helse og omsorg og for pasientar/ pårørande. Meir informasjon og lenke til denne kjem ved lansering.

Du kan sjå heile programmet for Demensdagane her.

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål!

Kontakt

Marta Strandos
Leiar for utviklingssenteret
E-post
Telefon 57 61 26 54
Mobil 41 52 64 16

  

Anne Marte Sølsnes
Utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 61 26 53
Mobil 97 12 14 21