USHT

Digital inspirasjonsdag om velferdsteknologi i tenestene til personer med utviklingshemming

Digital inspirasjonsdag om velferdsteknologi i tenestene til personer med utviklingshemming

foto: Getty Images

USHT Vestland (Sogn og Fjordane), USHT Helse Fonna og USHT Vestland (Hordaland) arrangerer ein gratis heildigital inspirasjonsdag om velferdsteknologi i tenestene til personar med utviklingshemming.

Inspirasjonsdagen skal gje kunnskap om bruk av velferdsteknologi i tenestene. Eit viktig mål for dagen er å bli bedre kjend med nasjonale føringar, lovverk, ressursar og løysingar. Det vil og bli vist fram døme frå kommunane.

Sendinga går frå klokka 09:00 -15:00, torsdag 1. desember. Lenke blir sendt ut digitalt på mail - sjå påmeldingsskjema lenger nede.

Samle gjerne deler av personalgruppa for sjå livestreamen saman. By på mat og kaffi og lag ein god konferansestemning i eigne lokale. Opptak vil vere tilgjengeleg i etterkant.

Målgruppe

Tilsette i tenestene til personar med utviklingshemming, både tilsette i direkte tenesteyting og forvaltningskontor, leiarar og beslutningstakarar og andre med interesse for tema.

Program

 

Påmeldingsfrist kl 12:00 30.11.22

Spørsmål?

Ta kontakt med 

USHT Helse Fonna: Gunnhild Hertzberg Brenno, gunhild.h.brenno@haugesund.kommune.no

USHT Vestland (Hordaland): Siv Bjønnum, Siv.Bjonnum@bergen.kommune.no

USHT Vestland (Sogn og Fjordane): Anne Marte Sølsnes, anne.marte.solsnes@sunnfjord.kommune.no