Helseinnovasjonskonferansen 2025Helseinnovasjonskonferansen 2025 vert arrangert 12.-13.februar i Førde. Dette er ein møteplass for alle med interesse for innovasjon og verdiskaping, anten ein kjem frå offentleg, privat eller frivillig sektor, er gründer, helsepersonell eller forskar. USHT Vestland (Sogn og Fjordane) er medarrangør.Konferansen byr på mykje relevant innan forsking og innovasjon: panelsamtalar om dei krevjande tinga, gode innlegg om innovative måtar å gjere ting på, nye teknologiske løysingar, bedrifter på stand, spennande prosjekt, gründerbedrifter og ikkje minst: du får bli kjent med mange interessante menneske og miljø.Velkommen til to dagar med nettverksbygging og fagleg påfyll, der ein set fokus på krafta i samarbeid.Informasjon om konferansen og lenke til påmelding finn du her: https://helseinnovasjonskonferansen.no/ Ta elles kontakt om de har spørsmål Sist endra 10.12.2024 12.37