K2A: Eit steg framover i helseoverføringarFrom Knowledge 2 Action (K2A) er eit forskingsprosjekt som legg grunnlaget for utvikling av gode og trygge forløp for sjukeheimspasientar med behov for akutte tenester.Eldre er spesielt sårbare i overføringar mellom avdelingar ulike nivå av helsetenesta. I tillegg inneber overføringar utveksling av viktig medisinsk informasjon, og risikoen for feil aukar. Omtrent 80 % av alle feil i samband med medisinsk behandling kjem som følgje av kommunikasjonssvikt.K2A-prosjektetMålet med K2A-prosjektet er forbetra praksis knytt til pasientoverføringar. Konkret skal eit utval sjukeheimseiningar utarbeide tiltak som kan forbetre overføringar mellom sjukeheim og legevakt / sjukehus for sjukeheimsbebuarar. Dette inkluderer å utvikla og teste ut tiltak som kan forbetra kommunikasjonen og koordineringa mellom ulike helseinstitusjonar.Metoden og tilnærminga har vorte testa i Canada. Lokalt er prosjektet eit samarbeid mellom Senter for omsorgsforsking Vest, USHT Vestland (Sogn og Fjordane), og Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt (SYSIKKL). Det blir gjennomført haust 2023 og våren 2024 ved ein sjukeheim i Bergen kommune og ein i Sunnfjord/Ytre Sogn. USHT bidreg aktivt med å støtta lokale ressursar med prosjektrettleiing.K2A har potensial til å føra til store forbetringar i kvaliteten på helseoverføringar. Dette kan resultera i betre pasientutfall, meir effektiv bruk av ressursar, og styrking av samarbeidet mellom sjukeheim og sjukehus.Ekspertise frå CanadaÅ skape forbetring på lokalt nivå krev forbedringskunnskap. I november fekk USHT besøk av samarbeidspartnarar frå Canada for å dele erfaringar. Don McLeod, Cristie Perfas og Lonni Kehler er tilknytt Universitetet i Manitoba og har lang erfaring og kompetanse i å rettleie tilsette i fagutviklings- og forbetringsarbeid i sjukeheimar. Dei møtte kommuneleiinga i Sunnfjord kommune, og dei fekk ei omvising på dagsenteret Veglo og Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevaktsamarbeid. Vi besøkte òg Hyllestad omsorgssenter, og fekk ein demonstrasjon av legevaktsatellitten der. Sist endra 19.12.2023 14.43