KlinOBS gjennomført i Luster kommune

Luster Kommune har nyleg gjennomført KlinOBS – eit fagleg opplegg som set fokus på å auke klinisk observasjonskompetanse blant helsepersonell i kommunale helse- og omsorgstenester. Dette for tidleg oppdaging av forverra tilstand hos pasientar og brukarar for å førebyggje alvorleg sjukdom og død.

Kvifor KlinOBS?

I distrikta er det spesielt viktig at ein ser teikn på alvorleg sjukdom tidleg, det kan vere langt til spesialisthelsetenesta og kvart sekund tel. Medarbeidarar i kommunale helse- og omsorgstenester møter stadig sjukare pasientar og bebuarar. Tendensen er meir komplekse og utfordrande problemstillingar. Dette betyr at tenestene må jobba systematisk med kvalitets- og forbetringsarbeid, og medarbeidarane må ha kunnskap, evner og verktøy for å gjera gode kliniske observasjonar og vurderingar.

USHT arrangerer derfor fire samlingar på kvar tre timar i Klinisk observasjonskompetanse (KlinOBS). Opplegget krev lite forarbeid og tid, og gir dei tilsette grundig oppfrisking, og tilførsel av ny lærdom, på systematisk pasientobservasjon. Deltakarar lærer å undersøke etter ABCDE- metoden (luftvegar, pust, blodsirkulasjon, bevisstheitnivå og kroppsundersøkelse). Det blir sett av tid for praktisk øving i vitale målingar og relevante arbeidsteknikkar, og vi trenar på casesituasjonar som er relevante i arbeidskvardagen.

 

Erfaringar frå Luster

Opplegget har vore gjennomført i Luster kommune, og ressursperson Margrethe Søhoel Røneid har vore med å evaluere opplegget:

- Det var sjølvsagt lærerikt, det er behov for å gå så grundig inn i det faglege som det vart gjort. Kunnskap forvitrar og alle treng oppfrisking, til dømes om korleis ein tar blodtrykk eller bruker stetoskop for å lytte på lunger. Eg har også fått fleire positive tilbakemeldingar på dei praktiske øvingane, dette er noko fleire kjenn seg utrygge på. No har vi ISBAR skjema i veskene saman med lommekort for ABCDE. Det gir ein tryggheit for oss om alvorlege situasjonar oppstår.

 

Helge Ullebust er sjukepleiar og ambulansearbeidar, og deltok som instruktør på KlinOBS.

- Eg ser og har fått tilbakemeldingar på at dette er eit opplegg som treff veldig godt. Særleg fordi kurset har eit fokus på nokon som mange føler seg utrygge på. Det er heller ikkje eit opplegg   som er omfattande med tanke på meirarbeid. Det handlar om å frigi nokon timar fire gonger i løpet av ein periode. Det handlar det om å gje ny kunnskap til jobben som skal utførast i tenestene, der «hands-on» og praktisk øving er viktig. I akutte situasjonar er oftast tilsette i kommunale helsetenester framme hos pasienten før ambulansen kjem. Då er det viktig at dei har utstyr og kompetanse til å handtere akutt-situasjonen, og det kan vere avgjerande for liv eller død.  

USHT tar med seg tilbakemeldingar frå Luster kommune på korleis KlinObs samlingane kan gjerast endå betre. Det er no gått ut informasjon, der kommunar kan melde på ressurspersonar som vidare skal ha ei rolle i å øve med personale på eigen arbeidsplass.

Meir informasjon om KlinOBS og materiale, til dømes lommekort finn du her.