Kommunane og dei tilsette innan helse og omsorg har vist seg omstillingsdyktige under koronapandemien.USHT Vestland (Sogn og Fjordane) og Senter for omsorgsforskning har i ein kronikk i Kommunal rapport omtalt kommunane si gode omstillingsevne under pandemien, og at pandemien har ført til redusert tilbod til enkelte pasientgrupper. I kronikken peikar Marta Strandos og Frode Jakobsen på ei skeiv fordeling mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta, både ved fordeling av smittevernutstyr og ved tildeling av forskingsmidlar. Dei etterlyser ei økonomisk satsing på eldreomsorga, ikkje berre politiske lovord. Du kan lese kronikken her Sist endra 14.12.2020 11.39