Kompetansesatsing innan demens

Demens er ei sentral utfordring i helsesektoren. I dag har over 100 000 menneske i Noreg demens, og truleg vil talet doblast dei neste tjue åra.  For å møta utfordringa trengst kunnskap. Lokale krefter i Sunnfjord har skapt eit samarbeid for å auka kompetansen innan eldremedisin i vår region.

Toril Marie Terum i (Sunnfjord Kommune / USHT) disputerer 5. november for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: Neuropsychiatric disturbances in persons with Alzheimer`s disease and Dementia with Lewy bodies, carer distress and time until nursing home admission.
Doktorgradsprosjektet har undersøkt samanhengen mellom individuelle nevropsykiatriske symptom ved demens og stress blant pårørande, og samanhengen mellom aspekt med stress og tid til innlegging i sjukeheim.

 

 

Marta Strandos, leiar for USHT Vestland (Sogn og Fjordane):

«Doktorgradsprosjektet er eit samarbeid lokalt mellom Sunnfjord Kommune v/USHT, Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet og  Regionalt senter for eldremedisin og samhandling (SESAM). Dette er ein del av satsing på det lokale forskingsmiljøet i sogn og fjordane og det er fyrste gong vi har eit så breitt samarbeid. Eg er glad for at vi fekk det til, forsking og fagutvikling er grunnleggjande for USHT og slik kompetanse treng vi i regionen vår».

 

Liv Janne Bell Jonstad, Einingsleiar Fagutvikling, Sunnfjord Kommune:

«Toril har gjennomført eit svært spennande prosjekt og vi er utruleg glade for at ho er med oss. Kunnskapen frå doktorgradsprosjektet gjer at vi som kommune kan jobbe meir målretta i korleis vi handtera utfordringar knytta til demens. Kommunar har ei sentral rolle, demens er krevjande og då er det naudsynt å ha fagleg tyngde med oss i arbeidet».

Om prosjektet

Demens rammar familiar, og det er brei semje om at omsorgsbelastninga pårørande opplever er assosiert med negative konsekvensar for dei pårørande sin psykiske og fysiske helse, sosiale liv, økonomi og kortare tid til sjukeheimsinnlegging. 

Doktorgradsprosjektet består av tre delstudiar, som kvar munna ut i ein artikkel. 

Først oppsummerte prosjektet tidlegare forsking. Funn frå denne studien indikerte at irritabilitet er det nevropsykiatriske symptomet som i størst grad bidrog til stress blant pårørande. Andre symptom som framstod som viktige bidragsytarar til stress inkluderte aggresjon, endra døgnrytme, angst, apati og vrangførestillingar. Mangfald av studiedesign, statiske metodar og kartleggingsverktøy, og stor variasjon i utval, gjorde det derimot vanskeleg å trekke sikre konklusjonar.

Andre og tredje delstudie baserte seg på data frå Demensstudien på Vestlandet (DemVest). Basert på funn frå denne studien står apati fram som det nevropsykiatriske symptomet som i størst grad bidrar til stress, i tillegg til avvikande motorisk åtferd, irritabilitet og utfordringar knytt til mat, måltid og appetitt. Aspekt ved stress som var assosert med kortare tid til sjukeheimsinnlegging var negative følelsar i form av frustrasjon, å føle at omsorgsansvaret hindra ein i å vere sosial og at ein ikkje får nødvendige avbrekk, og opplevinga av å ikkje meistre kvardagen.

Bilete frå dagen

 

Personalia 

Toril Marie Terum (f. 1979) er utdanna sjukepleiar ved Høgskulen på Vestlandet (tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane (2003) og fullførte ein helse- og sosialfagleg master ved Høgskulen i Volda i 2009. Doktorgradsarbeidet utgår frå Klinisk institutt 1 ved Universitetet i Bergen. Hovudrettleiar for avhandlinga er professor Ingelin Testad. Professor John Roger Andersen og ph.d. Arvid Rongve er birettleiarar.