Til saman 12 kommunar i Sogn og Fjordane-regionen deltar på læringsnettverk Systematisk oppfølging av heimebuande personar med demens i regi av USHT Vestland (Sogn og Fjordane). Målet er å etablere rutinar for systematisk oppfølging av heimebuande personar med demens og deira pårørande, i tråd med Nasjonal fagleg retningslinje om demens.
På samlingane legg vi vekt på å skape rom for deling og refleksjon. Deltakarane starta med å dele innsikt frå kartleggingane dei har gjort i eigne kommunar og fortelje kva dei er gode på.
Deretter var det ein arbeidsøkt knytt til innsikt- og forankringsarbeidet, der vi fokuserer på kva vi allereie har, kva vi ønskjer å oppnå, kva moglegheiter vi har og kva utfordringar vi ser. Arbeidsmetoden krev aktiv dialog og refleksjon frå deltakarane. Målet er å bidra til gode prosessar fram mot å velje område for forbetring, samt å planlegge vegen vidare mot treffsikre løysingar.