USHT

Master i avansert klinisk allmennsykepleie

Master i avansert klinisk allmennsykepleie

Foto: Shutterstock Master i avansert klinisk allmennsykepleie er eit sentralt bidrag for å løysa samansette og komplekse helseutfordringar i kommunehelsetenesta på Vestlandet.

For å bidra til auka kompetanse i regionen vår tilbyr Høgskulen på Vestlandet masterstudie i avansert klinisk allmennsykepleie (AKS) på deltid over 4 år med studiestad Stord/Haugesund og Førde. Neste oppstart er haust 2022 med søknadsfrist 1. mars 2022. (NB! Sjekk alltid nettsida til studieprogrammet for oppdatert søknadsfrist).

Programmet rettar seg primært mot kommunale helse- og omsorgstenester og grupper med langvarige og samansette behov for helsetenester. Bakgrunnen er store udekkede behov og vanskar med å sikra god og relevant kompetanse til denne gruppa i kommunane.

Hovudområde i studiet:
• Klinisk vurderings-, avgjerds- og handlingskompetanse
• Helsekompetanse, pasientopplæring og rettleiing
• Faglig leiing og koordinering
• Kunnskapsbasert fagutvikling, tenestebetring og innovasjon

Sjå informasjon om Master i avansert klinisk allmennsykepleie ved Høgskulen på Vestlandet her: https://www.hvl.no/studier/studieprogram/avansert-klinisk-allmennsykepleie/

Visste du at det er mogleg å søka om Lønnstilskudd til utdanning i avansert klinisk allmennsykepleie frå Helsedirektoratet? Som det kjem fram av nettsidene til Helsedirektoratet: «Formålet med lønnstilskotet er å stimulera kommunar til kompetanseoppbygging gjennom å videreutdanne sjukepleiarar i avansert klinisk sjukepleie som varetar behov i den kommunale helse- og omsorgstenesta.» Meir informasjon om Lønnstilskuddet finn du her: Lønnstilskot for utdanning i avansert klinisk sjukepleie -Helsedirektoratet

Sjå meir om kva AKS er, ulike måtar å organisera og bruka AKS-kompetanse på både for kommune og den enkelte tilsette på nettsidene til Helsedirektoratet: https://www.helsedirektoratet.no/tema/kompetanseloft-2025/avansert-klinisk-sykepleie-aks

For meir informasjon. Ta gjerne kontakt med:
Programkoordinator: Marit Langesæter: E-mail: Marit.Langesaeter@hvl.no tlf.: 52702754
Rådgiver: Elisabeth Aase Sæther: FHS-studierettleiar@hvl.no