Ny versjon av velferdsteknologiens ABC

Bly  I haust skal USHT arrangere opplæringspakka Velferdsteknologiens ABC for tilsette i kommunal helse- og omsorgsteneste og andre involverte i velferdsteknologiteneste, uavhengig av utdanningsbakgrunn og stillingsnivå. 

Kursopplegget gjev ei basisopplæring om velferdsteknologi, tenesteinnovasjon og korleis ein skal jobba med velferdsteknologi i ein heilskapleg tenestemodell. Målgruppa er tilsette og leiarar i kommunale helse- og omsorgstenester. Innhald er organisert med felles tema og nokre utdjupande tema for leiarar.​

E-helse Vestland bistår kommunane å få tatt i bruk velferdsteknologi. Dei tilbydde seg å bli med på opplegget, for å gje innsikt i kva som skjer på e-helse området i vår region. Det er viktig å ha oppdatert kunnskap, slik at ein veit om nye tilbod og løysningar, då får pasientar og brukarar dei beste tenestane.

Den nye versjonen følgjer same struktur som tidlegare, men alt innhald er nyutvikla av forskarar ved Universitetet i Agder (UiA) og Universitetet i Søraust-Noreg (USN). UiA og USN har hatt ein samskapende prosess med Utviklingssenter for sjukeheim og hjemmetjenester (USHT) Agder aust, og dessutan representantar frå kommunar og Nasjonalt velferdsteknologiprogram.​ Helsedirektoratet ved Nasjonalt velferdsteknologiprogram finansierer opplæringspakka.

Ny versjon av Velferdsteknologiens ABC - KS 

Dato og sted for samlingar:

  • 22. September Quality hotell Sogndal
  • 23. September Thon hotell Førde
  • 18. Oktober Nordfjord hotell

Presentasjon frå informasjonsmøte om Velferdsteknologiens ABC til kommunale leiarar:

Velferdsteknologiens ABC informasjonsmøte