Oppstart læringsnettverk "Gode pasientforløp"!

    

Endeleg er det kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane og Helse Førde sin tur å vere med i læringsnettverket "Gode pasientforløp". 

Onsdag 10. februar hadde vi møte med alle teamleiarane for gruppene som er påmeldt. Anders Vege frå FHI og Sigrid Askum frå KS gav ein fin innføring i kva som no ligg føre oss.

 3. og 4. mars er vi klare for første samling. Då skal alle team, frå både kommunane og helseføretak, vere med på den første digitale samlinga i læringsnettverket. Vi gleder oss!

Folkehelseinstituttet og KS har hovudansvaret for dette nasjonale læringsnettverket. Utviklingssenteret er den lokale medarrangøren og samarbeider tett om gjennomføring og oppfølging.

Du kan lese meir om Gode pasient forløp her