USHT

Oppstart Velferdsteknologiens ABC

Oppstart Velferdsteknologiens ABC

I haust har USHT arrangert oppstartssamlingar for Velferdsteknologiens ABC. Over 200 tilsette frå kommunar i vår region har delteke på samlingar i Førde, Sogndal og Nordfjordeid.

På oppstartsamlingane har fokus vore å gje ein introduksjon til tematikken. Til dømes å avklare sentrale omgrep, definere ulike typar velferdsteknologi og å sjå satsinga på velferdsteknologi i samanheng med dei utfordringane helse- og omsorgssektoren står ovanfor. Vidare har ein diskutert gevinstar ved å nytte teknologi, men og barrierar ved implementering og nyttegjering. Deltakarane fekk og introduksjon til ABC-metoden for opplæringspakken, den krev både eigeninnsats og gruppearbeid.

Opplæringspakken Velferdsteknologiens ABC gjev ei basisopplæring om velferdsteknologi, tenesteinnovasjon og korleis ein skal jobba med velferdsteknologi i ein heilskapleg tenestemodell.

Meir om Velferdsteknologiens ABC og ressursbank

På samlingane har også leverandørar vore med for å vise ulike typar teknologi og løysingar som er tilgjengelege for kommunane. Her er det eit stort mangfald, som kan passe inn i fire hovudgrupper:

  • Tryggleiksskapandeteknologiar 
  • Meistringsteknologiar 
  • Utrednings- og behandlingsteknologiar 
  • Velvære teknologiar

Sjå presentasjon med ulike døme her (PDF, 2 MB)

Sogdnal kommune var ein av dei kommunane som hadde meldt på et høgt antal deltakarar. Rådgjevar for helse og omsorg i Sogndal, Anita Foss Midlang, fortel litt om kvifor dei gjorde det:

Anita Foss Midlang, Sogndal Kommune

Sogndal kommune ønsker å auke kunnskap og styrke satsinga på velferdsteknologi. Digitalisering skal gjere helse- og omsorgssektoren i stand til å oppretthalde og auke kvaliteten på tenestene i åra framover. Talet personar med behov for pleie- og omsorgstenester aukar, medan talet på helsepersonell er forventa å gå ned. Digitalisering i kommunen er ein vesentleg del av løysinga for å møte denne utviklinga. 

Velferdsteknologiens ABC gir tilsette kunnskap og ferdigheiter i korleis dei i det daglige arbeid kan tilpasse velferdsteknologi til den enkelte, for å gi brukarar og pårørende tenester i tråd med deira behov. Auka forståelse for bruk av velferdsteknologi, tenesteinnovasjon og organisering av endringsarbeid i bærekraftige helse og omsorgstenester.

Presentasjonar frå samlingane:

Introduksjon til velferdsteknologi (PDF, 4 MB)

Velferdsteknologiens ABC Oppstartsseminar (PDF, 3 MB)

Funksjons og produktgjennomgang, kommunene hos Alarmsentralen IKS (PDF, 2 MB)

Imatis tavle, Kinn kommune (PDF, 2 MB)