Kva er beslutningsstøtte, og kvifor er det viktig?
Beslutningsstøtte viser til prosessar som hjelper enkeltindivid med å ta eigne avgjerdar og/eller uttrykke eigne ynskjer og behov. For personar med nedsatt funksjonsevne er det avgjerande at dei har tilgang til relevant informasjon og støtte for å kunne gjere informerte val om deira liv. Den som støttar beslutningsprosessen, skal formidle informasjon på ein forståeleg måte, gje oversikt over konsekvensane av ulike val og respektere individet sine avgjerdar. Vidare er det sentralt at dei som støtter tjenestemottakar også bistår med å gjennomføre og realisere avgjerd. Beslutningsstøtte er eit sentralt verktøy for å fremje inkludering, rettferd og sjølvstende.
Pilotprosjektet
Målet med prosjektet er å teste og tilpasse eit beslutningsstøtte-rammeverk utvikla og utprøvd i Australia i tråd med norske forhold. Dette prosjektet består av både eit utviklingsprosjekt og eit forskingsprosjekt:
1. Utviklingsprosjektet fokuserer på å auke kunnskapen om beslutningsstøtte blant dei tilsette og legge til rette for medverknad og utprøving av beslutningsstøtte-rammeverket.
2. Forskningsprosjektet har som mål å hente innsikt om korleis beslutningsstøtte-praksis vert utført i dagens system.
Samlingar
Prosjektet legg opp til to samlingar der representantar frå kommunane møtes. Den første av desse samlingane fann stad 2. og 3. oktober. På samlinga deltok 24 tilsette frå tenestene i fem ulike kommunar - Sunnfjord, Stavanger, Haugesund, Bergen og Austevoll.
Helsedirektoratet v/ Per Christian Wandås introduserte prosjektet for samlinga. Han la vekt på kor viktig initiativet er, og at HDIR vil følgje nøye med på resultat, både knytt til forskinga og utviklingsprosjektet.
Sølvi Linde (HVL) bidro med innsikt, ved å avklare sentrale fagomgrep, men også kva rammeverket for beslutningsstøtte inneber.
Sadeta Demik (VID) presenterte korleis ein kan jobbe systematisk med beslutningsstøtteprosessar, særleg for dei med alvorleg og djup utviklingshemming.
Som ved andre samlingar USHT arrangerer er fagleg erfaringsdeling på tvers av kommunegrenser viktig for å både bygge og spreie kunnskap. Det var lagt opp til fleire økter der deltakarane delte erfaringar med beslutningsstøtte, diskuterte utfordringar, suksessfaktorar og potensielle dilemma.
Framover
No skal deltakarane frå dei 5 kommunane ta med seg rammeverket heim og prøve ut i eiga praksis. På neste samling vil fokus vere å bearbeide erfaringane yttelegare og diskutere nødvendige tilpassingar i fellesskap
Dette prosjektet er ein viktig del i arbeidet for å betre tenestene for personar med nedsatt funksjonsevne. Med systematisk integrering av beslutningsstøtte i praksis vert retten tenestemottakar har til sjølvbestemming tydelegare, det aukar livskvalitet, styrker relasjonar og aukar moglegheita for personleg vekst. Samtidig vil tenestene i større grad kunne møte ynskjer og behov, det gjev meir målretta, tilpassingsdyktig og effektiv støtte.