Samarbeid om betre teneste til personar med utviklingshemming

20-21.9.22 vart det arrangert ei nettverkssamling for USHT i Stavanger. Slike møte blir arrangert ein gong i året,  denne gongen inviterte Utviklingssenteret i Rogaland.

Eit av dei nasjonale satsingsområda til USHT for 2022 er kvalitet i tenestene til personar med utviklingshemming. USHT har fått eit ansvar frå Helsedirektoratet om å spreie ny nasjonal rettleiar «Gode helse- og omsorgsteneste til personer med utviklingshemming». Eit viktig mål for samlinga var derfor å lære, få kunnskap, bli betre kjend med sentrale aktørar og etablere samarbeid på tvers. Sentralt var spørsmålet:  Korleis kan USHT på best mogleg måte gjere rettleiaren kjend i kommunane?

I tillegg til Utviklingsentera (Rogaland, Helse Fonna, Hordaland og Sogn og Fjordane) deltok Senter for omsorgsforskning, Høgskulen på Vestlandet, Stiftelsen SOR, NAKU og VID.

Først ut presenterte Kristin Søllevik Hidle (USHT Rogaland)  strukturen for «Mitt livs ABC» og korleis dei jobbar med den regionalt. Dei er jamt i dialog med kommunane for å høyre kva slags ønskjer og behov dei har.

 

Siv Bjønnum (USHT Hordaland) og Anne Marte Sølsnes (USHT Sogn og Fjordane) har starta eit eige CRPD-nettverk for fagpersonar i teneste og dei som arbeider med fagutvikling. Målet er å gjere ny rettleiar kjend, gjennom fysiske og digitale samlingar.

Olaug L. Sandve (USHT Helse Fonna) fortalde om musikkbasert miljøbehandling for personar med utviklingshemming. Systematisk arbeid rundt musikk kan vere eit godt hjelpemiddel, særleg relatert til tema etikk, kommunikasjon og tvang. Etisk refleksjon er nemnt fleire gonger i rettleiaren, og her kan musikkbasert miljøbehandling vere ei god støtte.

 

 

Statsforvaltaren i Rogaland v/ Bjørg Odland fortalde om korleis dei fører tilsyn med tenestene og arbeider for å ivareta rettstryggleiken til personar med utviklingshemming, særleg knytt til bruk av tvang og makt.

 

 

 Jarle Eknes (Stiftelsen SOR) fortalde om korleis dei driv informasjons og kompetanseformidling samt fagutvikling. Dei har eit særleg fokus på haldningsarbeid og bevisstgjering knytt til utfordringar og utviklingsmoglegheiter. Ei sentral målsetning er å fremme personar med utviklingshemming sine rettar. Jarle trakk til dømes fram og problematiserte korleis FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) ikkje formelt er norsk lov enda.

 

 

Linda Barøy frå Nasjonalt Kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU) fortalte om korleis dei arbeid som ei støtte til kommunane, dei deltek allereie inn i mange fag- og læringsnettverk som USHT driv. Dei har ein eigen kunnskapsbank der dei legg korte og tilgjengelege tekstar som beskriv ulike tematikkar. Dei har òg laga ein nettressurs om den nye rettleiaren.

 

 

Sølvi Linde  frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) har forska på teneste til personar med utviklingshemming. Linde presenterte forsking på feltet og peika på kunnskapshol. Ho har nyleg publisert ein kunnskapsoppsummering der ho har sett på kva støtte personar med utviklingshemming får til å ta avgjerd. Personar med utviklingshemming har rett til å delta i avgjerd som angår dem, og då er kunnskap om avgjerdsstøtte viktig. Oppsummeringa viser at personar med utviklingshemming ofte får støtte til å ta kvardagsval, men at dei får mindre støtte og har færre valmoglegheiter om avgjerd knytt til utdanning, sysselsetting, kor ein skal bu og med kven.

 

 

Vigdis Reisæter (HVL) forskar på relasjonen mellom vaksne med utviklingshemming som har flytta for seg sjølv, deira foreldre og tenestytarar som gir praktisk bistand. Ho fortalde om ulike artiklar ho har publisert i samanheng med PhD prosjektet: «Dei utfordrande relasjonane».

 

 

Anita Gjermestad frå (VID) Fortlade om kunnskapsstatus og kunnskapsbehov knytt til personar med alvorleg utviklingshemming/personar som ikkje kan utrykke seg med ord. Ho fortalde og om eit spennande prosjekt der målet er å utvikle metodar som fremmer medverkerknad for sårbare gruppe, i tett samarbeid med brukarar og fagpersonar.

 

 

Samlinga vart avslutta med ei lengre arbeidsøkt der deltakarane fekk i oppdrag å samle opp konkrete tankar og idear på korleis arbeidet kan takast vidare.