Velferdsteknologi og digital heimeoppfølging – kva no?

Nytter vi moglegheitene som ligg i teknologi på ein god nok måte? Kvifor går det ikkje fortare? Anita Foss Midlang frå Sogndal kommune fortel om dei nasjonale prosjekta, og dei lokale pilotane.

Tidlegare i august var me med å representere USHT på Arendalsuka. Det var mange spennande innlegg, men me la sjølvsagt merke til at ein dyktig rådgivar frå Sogndal kommune deltok i debattar om digital heimeoppfølging og i sesjonar med helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol. 

Anita Foss Midlang er rådgivar i helse og omsorg i Sogndal kommune og prosjektleiar for digital samkonsultasjon og digital heimeoppfølging i DigiVestland. Ho har jobba med prosjekt knytt til samkonsultasjon og bruk av 3-partsvideo i rus og psykisk helse.

Bilete av Anita Foss Midlang - Klikk for stort bileteAnita Foss Midlang

No jobbar ho med digital heimeoppfølging, både i Sogndal og til innbyggjarar i andre kommunar i nedslagsfeltet. Dette er ein del av det nasjonale spreiingsprosjektet til helsedirektoratet. Midlang sit tett på utviklingsarbeidet som skjer på både velferdsteknologi og digital heimeoppfølging. USHT ser korleis nyttiggjering av teknologi både er og blir ein viktig premissleverandør for kommunane i framtida.

Kva er status no?

Arbeidet med å innføre nye teknologiar er spennande, og frå dei prosjekta eg har vore med innanfor rus og psykisk helse ser me at heimebaserte og nettbaserte tenester til personar med psykisk sjukdom kan hjelpe med å avstigmatisere terapi og oppmuntre fleire til å søkje hjelp. Det å bli ivaretatt heime er ikkje berre praktisk, men kan og vere kostnadseffektivt. Her i Sogn og Fjordane er lange reiseavstandar ei utfordring. Det å kunne ha digital heimeoppfølging ser me at kan hjelpe pasienten med å engasjere seg i førebyggande omsorg. Dersom helsehjelpa tek mindre tid, kostnad og innsats, så er det mykje enklare å få pasienten til å følgje opp rutinemessige kontrollar. Me har gjort oss noko erfaring i dag, men det er for tidleg å seie noko om effektane på lang sikt. I høve til ressursbruk så opplever eg førebels at teknologien i dag ofte kjem på toppen av dei andre oppgåvene og slik sett blir noko me gjer i tillegg i ei allereie pressa teneste.

Kvifor stoppar det opp?

- Me er alle einige i dei utfordringane me står ovanfor i helse, men eg er likevel usikker på om me har eit felles fokus på den kollektive hensikta. Det går for seint å ta i bruk moglegheitene som ligg i ehelse og teknologi. Det er eit dilemma mellom dei store nasjonale prosjekta og dei små lokale pilotane. I kommunen jobbar me med pilotar, og det er eit problem at bruken i liten grad blir standardisert og skalert opp. Det er krevjande for kommunane å løyse dette aleine. Eg erfarer at det er veldig ulikt korleis ein er rigga og kor klare ein er. Når sjukehusa verkeleg startar er det mange kommunar som ikkje er klare. Spredningsprosjekta til helsedirektoratet er eit døme på korleis ein kan istandgjere kommunar og helseføretak til å møte endringa.

- Det er nokre viktige avklaringar som må på plass. Finansiering er nøkkelen og korleis me jobbar i fellesskap mellom sjukehus og kommune for å få på plass finansieringsordningane. Her trur eg at Helsefellesskapet spelar ei viktig rolle. Dette må og henge saman med insentiv, finansieringsordningane må gjere det fornuftig å jobbe på nye måtar. Me må særleg tenkje på overgangane, når sjukehus flyttar heim er det naudsynt at me har rett informasjon. Me må vite kven som har ansvaret, kven som skal gjere kva og ha gode verktøy for samhandling. Heile vegen må me hugse at målet er gode tenester for innbyggjarane.

Korleis blir vegen vidare?

-Regionale digitaliseringsnettverk er eit døme på korleis me kan jobbe. Sjukehus og kommune er «avkopla» kvarandre. Det er komplekst, men for å løyse det må me sitje rundt same bord. Så er det mange pilotar, men dei er lite samordna. Det er ei utfordring at pilotane ofte døyr ut, så går me tilbake til å jobbe slik me gjorde før. Eg trur me må vere merksame på at det er langt fram til 'heimesjukehus' løysingar matchar eller til og med overgår effekten av behandling som vert gitt på sjukehus. Fram til dette vil ikkje fagpersonane si opplevingar i helsevesenet endre seg.

-Utfordringa er at me kan ikkje halde fram som i dag, behovet for kapasitet er for stort. Me må tenkje annleis om korleis me skal yte helse- og omsorgstenester i framtida. Drivaren i utviklinga bør vere brukar i fokus, der brukaren er sentrum for utvikling. Det er ikkje meining å digitalisere tenestene på ein slik måte at innbyggjarane våre ikkje vil nytte dei. Eg trur at det å jobbe førebyggjande er viktig. Klarar me å kome tidleg nok inn slik at me kan førebyggja – då har me lukkast med mykje!

Her kan du sjå ein kort video om piloten på 3-parts videokonsultasjon, eit prosjekt mellom Sogndal kommune og Helse Førde: