Velferdsteknologiens ABC vår 2023

Bilete frå samling i Førde - Klikk for stort bilete

Velferdsteknologiens ABC for våren 2023 er gjennomført. 18., 19. og 20. april vart det arrangert avslutningsseminar i Førde, Sogndal og Nordfjordeid.

Opplæringspakka Velferdsteknologiens ABC gjev ei grunnopplæring om velferdsteknologi, tenesteinnovasjon og korleis ein skal arbeide med velferdsteknologi i ein heilskapleg tenestemodell.

Stad er ein av fleire kommunar som stilte med mange deltakarar. USHT har teke kontakt med representantar frå Stad for å høyre om motivasjonen som ligg bak, fordelar dei får av å delta på ABC-samlingane og kva det inneber for kommunen på lang sikt.

Bilete av deltakarar frå Stad kommune - Klikk for stort bileteBilete av deltakarar frå Stad kommune på samling i Nordfjordeid


Barbro Longva, kommunalsjef helse og omsorg:
-For Stad kommune er arbeidet med velferdsteknologi ein tydeleg prioritet. Som ein av pilotkommunane i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet gjorde vi oss gode erfaringar med bruk av velferdsteknologi i helse og omsorgstenestene, og vi ser at det er eit viktig verktøy for å løyse dei utfordringane vi står framfor. Det er allereie ein overordna prioritet og er blitt ein politisk forankra satsing i vår kommune, Vidare tenkjer vi at biletet av behovet berre har blitt enno tydelegare no, som følgje av utredninga Tid for handling. Dette legg føringar for oss, det handlar jo om korleis vi som kommune må tenkje framover. Det vil ikkje vere nok helsepersonell, så for at vi skal kunne tilby gode og trygge tenester til våre innbyggjarar må vi nytte verktøy som velferdsteknologi.

NOU – «Tid for handling» Eit kunnskapsgrunnlag med forslag til tiltak for framtida. 

Hilde Barmen (Rådgjevar velferdsteknologi):
-Vi gjennomførte ei kompetansekartlegging i kommunen hausten 2022, for å sjå både kva for kompetanse vi har, men også kva behovet er. Det har vore del av eit større kartleggingsarbeid slik at vi kan få ein status i kommunen og dermed kan sjå kva for tiltak vi må setje i verk. Gjennom kartlegginga såg vi at mange av våre tilsette etterlyste meir kompetanse på velferdsteknologi. I denne omgang er ABC-kurset obligatorisk for 50 tilsette, så er planen å sende ei ny gruppe til hausten og etterkvart vidareføre det framover. Bevisst satsar vi breitt i helse og omsorgstenestene med deltakarar både frå heimetenester, bu og miljø og institusjonar. Bevisst sender vi også avdelingsleiarar med på ABC`en, slik at dei også har kompetansen og kan sjå moglegheiter for tenestemottakarane. Det er ikkje noko poeng i å sende ut ei enkelt gruppe, vi må løfte kompetansen jamt og få ei felles forståing av forventningane vi har til arbeidet. Først då kan vi klare å endre både kultur og praksis.

Barbro Longva:
-
I tillegg er det sjølvsagt viktig å involvere ein større del av kommunen, til dømes var det med deltakarar frå IKT-miljøet, dei må koplast på fordi deira kompetanse på personvernkonsekvensar og risikoanalysar er sentrale brikker i arbeidet. Vi har også eit tett samarbeid med saksbehandlarar i kommunen, slik at dei raskt kan tenkje om velferdsteknologi kan vere ei løysing på heile eller delar av tenestene. Framover må vi òg sjå på korleis vi i større grad kan involvere oppvekst. Moglegheiter for digital kontakt med helsetenestene vil vere viktige i forhold til tidleg innsats, for å unngå at barn og unge utviklar større helseproblem.

Bilete frå samling - Klikk for stort bileteBilete frå samling i Førde
Bilete frå samling - Klikk for stort bileteBilete frå samling i Førde

Hilde Isane Hjelle (Ergoterapeut):
-Vi har gode erfaringar med tidlegare ABC-ar, det er eit godt og tilgjengeleg kompetansehevingstilbod. Det som er særleg positivt er at det er ein meir formell prosess, ein må melde seg på og setje av tid til å vere med på oppmøte. Det følgjer også med nokre krav, som gjer at ein må prioritere det. Vi opplever at læringsutbytet i slike organiserte former er annleis. Då vi var med i prosjektarbeidet i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet, prøvde vi også å gjere kompetansehevande tiltak internt i eiga kommune ved å besøkje ulike einingar. Det vi såg var at det var vanskeleg å få innpass og at det sjeldan vart god nok tid, fordi ein ofte måtte prioritere drift.
Eit element ved ABC-tilnærminga som vi opplever som ein skikkeleg bonus er at vi får grupper på tvers av miljø, einingar og geografi. Stad er ein veldig langstrakt kommune, så for oss er det nyttig å byggje kjennskap, samhald og eit større fagleg fellesskap i kommunen. Det er viktige premissar som senker tersklar og gjer at vi får ein positiv kultur for erfaringsdeling på tvers av einingar. Slik fagseminara er lagt opp utanfor dei fysiske samlingane gjer det også enkelt for fleire å kunne delta.

Hilde Barmen
-
Etter avslutninga har vi starta ei evaluering her hos oss, vi har ikkje fått svar frå alle deltakarane enno, men vi ser at fleire gir tilbakemelding på at gruppeinndelingar på tvers av tenester er positivt og eit grunnlag for å bli betre kjend. Fleire tykkjer og at dei får eit godt læringsutbyte. Allereie kjem det inn tilbakemeldingar om behov som er oppdaga som følgje av denne ABC-opplæringa. Vi har også valt, som ved tidlegare ABC-løp, å bestille ABC-permane, slik at innhaldet er enkelt tilgjengeleg over tid.

Barbro Longva
-
Vi tenkjer at det er positivt for tenestemottakarar at fleire har kunnskap om velferdsteknologi, det gjev lågare terskel for at ein kan ta i bruk nyttige løysingar på ein god måte. Rett teknologi til rett brukar gjer at ein i større grad kan meistre eige liv, som faktisk kan auke moglegheitene for deltaking i samfunnet. Velferdsteknologi handlar om å gi personar med hjelpebehov betre livskvalitet, auka tryggleik og større moglegheit til å klare seg på eiga hand.

Bilete av Kjell Olav Bondevik - Klikk for stort bileteBilete av Kjell Olav Bondevik frå samling i Førde

Bondevik er koordinator for KS kommunenettverk for velferdsteknologi og digital heimeoppfølging.

Bilete frå samling i Førde

Bilete frå felles oppsummering og refleksjonsøkt etter gruppearbeid.

Oppstart haust 2023

USHT har også sendt ut ei evaluering til om lag 150 deltakarar frå dei 13 kommunane som har vore med. Dei tilbakemeldingane tek vi med oss vidare. Vi ser fram til oppstart for nye deltakarar i haust. Kursbevis vil bli sendt samla til kvar kommune.

Fleire bilete frå samlingane i Førde og Nordfjordeid.

Presentasjonar frå samlingane: 
Presentasjon velferdsteknologi til barn og unge
Digital heimeoppfølging