Anders Grimsmo innleia første dag med kva er eigentleg pasientforløpet, og kvifor er det viktig for kommunane med generiske forløp framfor diagnosespesifikke forløp. Grimsmo peika på viktige faktorar som fremmar og hemmar god samhandling.
Rudi Kirkhaug landa dagen godt med eit inspirerande innlegg om endringsleiing, og kva som er viktig for å få til gode endringsprosessar.
Undervegs i dagen hadde vi også gode lokale innleiarar, med kommunedirektør i Sunnfjord kommune, Ole John Østenstad og Administrerande direktør Helse Førde, Arve Varden. Dei snakka begge om kvifor dette arbeidet er viktig for oss her i vårt område og syner til arbeidet lokalt i etablering av nytt helsefellesskap der læringsnettverket er sentralt i åra framover.
FHI ved Anders Vege heldt på dag to inspirerande føredrag om retningsendring og haldningsendring i rolla som helsepersonell, der vi må snu fokuset frå "Kva er i vegen med deg?" til "Kva er viktig for deg?". Han peika på viktigheita av å bygge tillit og god relasjon til pasienten dersom vi skal forbetre pasientforløpa og helsetenestene framover.
Alle team har laga poster til første samling, der ein kunne sjå kva fokusområder dei ulike teama har. Vi er imponert over det gode arbeidet som er lagt ned allereie, og dette lovar godt for dette viktige arbeidet framover.
Tusen takk til alle team for godt arbeid, og til Anders Vege (FHI) og Sigrid Askum (KS) som losa oss fint gjennom dagane.
Vi gler oss til å følge kommunane og Helse Førde vidare i dette viktige arbeidet!