Opplæring av personale utan helsefagleg utdanning

Opplæringspakken for personale utan  helsefagleg utdanning er no klar. Målgruppa for opplæringa er nye tilsette og vikarar, og tilsette frå andre einingar i kommunen som blir omdisponert grunna situasjonen rundt Covid-19.

Opplæringa skal bidra til at tilsette utan helse- og omsorgsfagleg utdanning får innføring i relevante fagtema og nødvendig kompetanse for å arbeide med pasientar/brukarar og deira pårørande i kommunehelsetenesta.

Innhald og ressursar bygger på Helsedirektoratet sine tilrådingar og rettleiing om opplæringstiltak i samband med covid-19: https://www.helsedirektoratet.no/tema/beredskap-og-krisehandtering/koronavirus/covid-19-opplaeringsressurser. Opplæringsressursane knytt til smittevern er i tråd med tilrådingar frå Folkehelseinstituttet (FHI) og gjeldane prosedyrar for smittevern utarbeidd av hygienesjukepleiar ved Helse Førde.

Opplæringspakken er sendt ut til kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane (Helse Førde regionen). Det er lagt vekt på at alle kjeldene er opne, dvs ikkje bak betalings-/abonnementsmur. Heile opplæringspakken er lagt ut her (høgre side).

Det er viktig å presisere dette er eit supplement til den opplæringa som til vanleg skjer på  arbeidsstaden. Leiar/kommunar står fritt til å gjere eigne tilpassingar.

Det er utarbeidd eit eige skjema som leiar kan bruke for å halde oversikt over kven som har mottatt informasjon og følgt opplæringa.

USHT Vestland (Sogn og Fjordane) er tilgjengeleg for innspel, spørsmål og rettleiing.

Opplæringspakke for personale utan helsefagleg utdannning. Versjon 3.0, 07.01.2022 

Oversikt opplæring. Personale uten helsefagleg utdanning. Versjon 3.0, 07.01.2022