Opplæringspakke for heimebaserte tenesterHeimebaserte tenester har etterspurt ein opplæringspakke tilpassa deira personale. Denne er no klar! Opplæringspakken er utarbeidd av USHT Vestland (Sogn og Fjordane). Den er i tråd med nasjonale tilrådingar og gjeldande smittevernsprosedyrar i Helse Førde regionen. Føremålet med opplæringspakken er å sikre at personalet i heimebaserte tenester får nødvendig og tilpassa gjennomgang av sentrale kompetanseområder knytt til covid-19. Den bygger på opplegget som er laga for personale på kohortavd. og smitteisolat. Det er lagt opp til individuell gjennomgang (lese, e-læring), felles undervisning (video/webinar eller i avdeling) og praktiske øvingar. Kompetanseområda er valt ut i samarbeid med einingsleiarane for heimeteneste 1 og 2 i Førde og kommunalsjef for omsorg i Sunnfjord kommune. Opplæringspakken blir sendt ut til kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane. Det er lagt vekt på at alle kjeldene er opne, dvs ikkje bak betalings-/abonnementsmur. Heile opplæringspakken og skjema til registrering er lagt i høgre menyfelt. Eventuelle oppdateringar av dokumenta vil bli gjort her. Leiar/kommunar står fritt til å gjere eigne tilpassingar. USHT er tilgjengeleg for innspel, spørsmål og rettleiing. Det blir sendt ut eigne invitasjonar til felles webinar og videomøter. Opplæringspakke for personale i heimebaserte tenester. Versjon 3.0, 07.01.2022 Oversikt opplæring heimetenesta. Versjon 3.0, 07.01.2022 Sist endra 21.01.2022 15.15