Opplæringspakke til bruk i kommunale kohortavdelingar og smitteisolat USHT Vestland (Sogn og Fjordane) har laga ein opplæringspakke for personale ved kohortavdeling og smitteisolat ved koronavirus. Kompetanseområda er utarbeidd i samarbeid med kommunalsjef og einingsleiarar i Sunnfjord kommune. Innhaldet er i tråd med nasjonale tilrådingar og gjeldande smittevernsprosedyrar i Helse Førde regionen. Føremålet med opplæringspakken er å sikre at personalet som skal arbeide i kohortavdeling og/eller smitteisolat får ein gjennomgang av sentrale kompetanseområder. Det er lagt opp til individuell gjennomgang (lese, e-læring), felles undervisning (video/webinar eller i avdeling) og praktiske øvingar. Opplæringspakken er sendt ut til kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane (Helse Førde regionen). Det er lagt vekt på at alle kjeldene er opne, dvs ikkje bak betalings-/ abonnementsmur. Heile opplæringspakken er lagt ut her (høgre side). Leiar/kommunar står fritt til å gjere eigne tilpassingar. USHT er tilgjengeleg for innspel, spørsmål og rettleiing. Det vil komme eigne invitasjonar til felles webinar og videomøter så snart dette er på plass. Opplæringspakke for personale på kohortavd og smitteisolat ved koronavirus. Versjon 3.0, 07.01.2022 Oversikt opplæring. Kohortavd og smitteisolat. Versjon 3.0, 07.01.2022 Sist endra 21.01.2022 15.17