Undervisningsopplegg til bruk ved smitteutbrot i sjukeheim og omsorgsbustadUSHT Vestland (Sogn og Fjordane) har i tett samarbeid med hygienesjukepleiarane i Helse Førde utarbeidd eit undervisningsopplegg som kan nyttast ved smitteutbrot med koronavirus i sjukeheim/omsorgsbustad. Det er ein «kortversjon» av tidlegare utarbeidd opplæringspakke til bruk i kohortavd/institusjon. Undervisningsopplegget er ein del av «Prosedyre ved påvist Covid-19 i kommunal helseinstitusjon» i Sunnfjord kommune, og godkjent av kommuneoverlege Øystein Furnes. Sidan dette kan vere relevant for andre kommunar, deler vi det her og via epost til kommunalsjef og postmottak i vår region. Målgruppa er personell med helsefagleg utdanning. Føremålet med undervisninga er å trygge helsepersonell i «akutt-situasjonen» som vil oppstå ved eit smitteutbrot; trygge dei i utføringa av arbeidsoppgåver i avdelinga og i direkte kontakt med bebuarane. Dei får ein repetisjon på: Smittevern, gjeldande rutinar og rett bruk av smittevernutstyr Verktøy for systematisk observasjon Lindrande behandling Tid: 3-4 t, alt etter kor mykje praktisk øving ein vil legge inn. Ansvar: Einingsleiar. Bruk gjerne interne ressurspersonar (hygiene, akuttspl, lindrande). Eksterne ressursar: USHT, Hygienesjukepleiar v/Helse Førde, evt fagavd/-stab. Informasjon til leiarar om undervisningsopplegg ved smitteutbrot Undervisning til bruk ved smitteutbrot i sjukeheim og omsorgsbustad, versjon 3.0, 21.01.2022 Sist endra 21.01.2022 14.56