Fylkesprosjektet - eit felles løft
Samarbeid om velferdsteknologi i kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane starta i 2014. Initiativtakarane var USHT og Vestlandsforsking/ IT-forum i Sogn og Fjordane. Det vart etablert ei arbeidsgruppe under IT-forum, og satsinga har fått årleg støtte av fornyingsmidlar hjå Fylkesmannen.
Fokusområda år for år:
2014: Mobilisering og forankring, kartlegging av status
2015: Utvikling og testing av velferdsteknologiske løysingar i pilot-kommunar
2016: Frå prosjekt og pilotar til operative løysingar
2017: Spreiing steg for steg
2018-2019: Alle skal med
2017-2021: "Alle er med"
Opptak i nasjonalt velferdsteknologiprogram
Fylkesprosjektet la grunnlaget for opptak i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet (NVP) i 2017. Ni kommunar var med frå 2017, dei andre kom med i 2019.
NVP er eit samarbeid mellom KS, Helsedirektoratet og Direktoratet for e-helse. Gevinstrapportar frå det nasjonale programmet viser at velferdsteknologiske løysingar kan gje auka tryggleik, meistring og sjølvstende, slik at fleire kan bu lenger i eigen heim. Ein viser også til betre kvalitet og meir effektiv bruk av ressursar.
Velferdsteknologi blir sett på som eit viktig virkemiddel mot dei framtidige utfordringane innan omsorgstenesta der ein vil få ei stor auke i behov for teneste rundt om i kommunane. Målet er at velferdsteknologi skal vera ein integrert del av tenestetilbodet i omsorgstenesta innan 2020.
Kommunane
Tidlegare Førde kommune, no Sunnfjord, var søkjarkommune og prosjekteigar, og prosjektleiinga har vore lagt til utviklingssenteret.
Alle kommunane har hatt eigne prosjektgrupper. Dei har arbeidd systematisk etter metodikken i Veikart for tenesteinnovasjon. Prosjekta har fått prosessrettleiing av PA Consulting.
I 2020-2021 var hovudfokuset:
- Gevinstrealisering
- Heilskapleg tenesteforløp
- Personvern- og informasjonstryggleik
- Responssenter
Frå 2022 blir arbeidet vidareført gjennom prosjektet E-helse Vestland og KS sitt kommunenettverk for innføring av velferdsteknologi og digital heimeoppfølging.
Prosjektleiar: Kjell Olav Bondevik, tlf 92872797,
epost: kjell.olav.bondevik@luster.kommune.no