Velferdsteknologiprosjektet i Sogn og Fjordane starta med å kartlegge behovet for å ta i bruk digitale kommunikasjonsverkty i prosjektkommunane, og det viste seg at behovet var stort.
Det vart sendt ut informasjon om digitale kommunikasjonsløysingar til kommunalsjefane, samstundes som det vart sendt ut ei oppmoding til IKT-samarbeid og IKT-avdelingar i kommunane om å gi rask brukarstøtte om nokon ynskte å setje i gong med digital kommunikasjon.
Nyhenda om at Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftelsen Sogn og Fjordane ville kjøpe nettbrett for 400 000 kr til alle omsorgssenter i det som tidligare var kommunar i Sogn og Fjordane, fekk ballen til å rulle enda raskare. USHT og Sparebanken etablerte eit samarbeid for å få rulla ut nettbretta, og før påske var samtlige nettbrett delt ut.
Ein stor takk til dei lokale prosjektleiararane i Velferdsteknologiprosjektet i Sogn og Fjordane, som verkeleg har gjort sitt for å få videokommunikasjon så raskt i gang.
Velferdsteknologiprosjektet og USHT tilbyr støtte og rettleiing i bruk av nettbretta. Det er utvikla ein kvikk-guide og ein introduksjonvideo til bruk av iPad/nettbrett og Whereby:
Kvikk-guide Whereby
Video - korleis komme i gong med Whereby
Artikkel om prosjektet i KS
Vil du vite meir? Ta gjerne kontakt med oss.
Kjell-Olav Bondevik, prosjektleiar
kob@luster.kommune.no
Annette Eri Norevik, prosjektkoordinator
annette.eri.norevik@sunnfjord.kommune.no