Systematisk oppfølging etter demensdiagnose

Den demenssjuke og pårørande skal vite kven dei kan kontakte i kommunen, og vere trygge på at dei blir følgt opp gjennom heile sjukdomsforløpet.

Dette var eit interkommunalt prosjekt mellom Førde, Jølster, Naustdal og Gaular. Målet var å utvikle ein felles modell for korleis komme tidleg i kontakt med den demenssjuke og pårørande, og sikre systematisk oppfølging etter demensdiagnosen. 

Modellen som er utarbeidd er tredelt, der alle tre delane er meir eller mindre avhengig av kvar andre:

Tidleg kontakt: Det er laga prosedyrekort for dei ulike tenestene, slik at alle skal vite kva ein skal gjere om ein mistenker ei demensdiagnose. Det skal sikre eit meir føreseieleg tenesteforløp for brukarane.

Tiltakspakke demens: Systematisk oppfølging kjem inn når diagnosen er sett. Alle som får ei demensdiagnose skal få informasjon, tilbod og hjelp til å søkje om tiltakspakke demens. Dette skal bidra til ei systematisk oppfølging gjennom heile sjukdomsforløpet.

Demensteam: Er ein føresetnad for å sikre den systematiske oppfølginga. Ved oppstart hadde to av fire kommunar demensteam. Det vart difor ein del av prosjektet å etablere det i alle kommunane. Det vart utarbeidd forslag på organisering av demensteam etter kommunesamanslåing i 2020.

 

Prosjektet var ein del av eit nasjonalt utviklingsprosjekt knytt til Demensplan 2020. Førde kommune var prosjekteigar og prosjektleiinga var lagt til USHT.

Prosjektperiode: 2017-2018.