Systematisk pårørandearbeid og tilpassa avlastingstilbod for personar med demens

Dagaktivitetssenteret  «Veglo» bidreg til ein meiningsfull kvardag gjennom tilpassa aktivitetar og meistring. Personsentrert omsorg, å komme tidleg inn og få kontinuitet i oppfølginga er viktig.

Utviklingsarbeidet var eit samarbeid mellom USHT Sogn og Fjordane, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Førde kommune. Det pågjekk i perioden 2013-2017 og fekk støtte av tilskotsmidlar frå Helsedirektoratet.

Fasane i arbeidet:

  1. Meiningsfulle aktivitetar, pårørandearbeid, frivillige/ støttekontaktar
  2. Å komme tidleg inn etter diagnose, ressurspersonar
  3. Systematisk pårørandearbeid og tilpassa avlastingstilbod

Oppsummeringane i siste rapporten peikar på:

  • at hjelpa til demenssjuke pasientar og deira pårørande kjem for seint inn i forløpet
  • at det er behov for fleksible og differensierte aktivitets- og avlastingstilbod
  • at det er behov for auka kapasitet ved eksisterande dagaktivitetstilbod
  • at det er behov for auka fokus på kontinuitetsutfordringane i heimetenesta i kommunen.

Utviklingsarbeidet la grunnlaget for vidare arbeid med  «Systematisk oppfølging etter demensdiagnose». Rapportane gjev anbefalingar til kommunen i det vidare arbeidet med tenestetilbodet til personar med demens.

Du kan lese meir om erfaringar og resultat her:

Utviklingssenter.no

Dagaktivitetssenter - ein stad for å fremje eit verdig liv for personar med demens (fagartikkel i tidsskriftet aldring og helse/vol.22-nr.4-2018)

Sluttrapport: Systematisk pårørandearbeid for å førebygge slitasje og stress ved krevjande omsorgsoppgåver - tilpassa avlastingstilbod (Toril Midtbø, HVL, 2017)