Innføring og opplæring i TID-metodikk i Sunnfjord kommune

USHT har arrangert opplæring og innføring i TID-metodikk for Sunnfjord kommune. Bilde er frå seminar i Førde.

I Sunnfjord kommune har dei ved Førde omsorgssenter ein eiga skjerma eining for personar med demens. Frå avdelinga har omkring 20 av dei tilsette deltatt på kurs i opplæring og innføring i TID-metodikken.

Britt Sissel Lunde er einingsleiar på skjerma eining, ho fortel litt om kvifor dei vel å prioritere å ta i bruk TID i eininga.

 - Eg håpar at metoden kan identifisere situasjonar og bistå oss med å  kartlegge strukturert, slik at ein kan sette i verk tiltak raskare og jobbe på ein meir strukturert måte. Vi gjer mykje av dette allereie, men håpar at metoden kan gjere dette meir systematisk for oss.

- Vidare er det eit mål at personal gjennom opplæringa vil bli meir samstemde slik at vi kan ivareta våre pasientar endå betre. Fagleg fokus blir sett på dagsorden, på ein annan måte, gjennom slike opplæringsdagar, samtidig er det noko ein må jobbe med kontinuerlig for å sikre god kvalitet. I møte med personar med demens er det viktig å vere i miljøet og jobbe i forkant. Det er mykje betre for både pasient og dei tilsette om vi jobbar førebyggande.

No tek dei arbeidet vidare gjennom TID-administratorane, fagpersonnel i eininga som får ein sentral rolle vidare med å drive kartleggingar og oppfølging.

Kva er TID? 

TID er eit verktøy som tilsette, vanlegvis i samarbeid med lege eller psykolog, nyttar for å greia ut, tolka og setja inn tiltak ved åtferdsmessige og psykologiske symptom ved demens og andre psykiske tilstandar. Modellen integrerar miljøterapeutiske og medikamentelle tiltak i ei heilskapleg tilnærming. TID byggjer på prinsipp frå kognitiv åtferdsterapi og personsentrert omsorg. Meir informasjon om verktøyet finn du her