Innføring og opplæring i VIPS i Sunnfjord kommune

USHT har arrangert opplæring og innføring i VIPS praksismodell for tilsette ved Skei omsorgssenter

Bilde av deltakarar på samling - Klikk for stort bileteFrå seminar på Skei i Jølster.

19 tilsette ved skjerma eining på Skei omsorgssenter deltok førre veke på kurs i opplæring og innføring i VIPS praksismodell (VPM). Kurset gir ei innføring i kva personsentrert omsorg er, og korleis ta i bruk VPM. Opplegget føl ein fast struktur, der ein vekslar mellom fagleg påfyll, refleksjon og rollespel.

Fleire bilete frå dagen:

VIPS

VIPS praksismodell (VPM) er ein modell der dei tilsette i strukturerte fagmøte analyserer og diskuterer spesifikke situasjonar, med utgangspunktet i korleis personen med demens ser ut til å oppleve situasjonen. Målet er å skape eit støttande sosialt miljø rundt kvar einskild brukar, og bidra til at personen med demens opplever gode og meiningsfylte dagar. Forsking viser at VIPS reduserer førekomsten av aggresjon og psykotiske symptom ved demens, og har positiv effekt på arbeidsmiljøet.

Les meir om VIPS her (Aldring og helse)