Om fagnettverk eldremedisin Gregory Idehen Fagnettverket har vore i drift sidan 2015 og er eit samarbeid mellom Helse Førde og kommunane i deira opptaksområde. Vi har to fagdagar i året, og vekslar mellom fysiske og digitale arrangement . Tema blir valt ut frå nasjonale satsingsområde og lokale prioriteringar. MålgruppeTilsette i kommunale helse- og omsorgstenester og i spesialisthelsetenesta. I tillegg er det ynskjeleg med faste ressurspersonar i nettverket. Fagutviklingssjukepleiarar eller andre med tilsvarande roller/funksjonar vil vere særleg relevant.Overordna tema i 2021-2023: ObservasjonskompetanseFagdagar:20.oktober 2022: Kva inneber det å bli eldre og leve som gammal, og kva er viktig for eldre i møte med alderdommen?31.mars 2022: Delir hos eldre11.november 2021: Tidleg oppdaging av forverra tilstand hos den geriatriske pasientenInformasjon om fagdagane finn du her. Føremålet med nettverketbidra til trygge , samordna og tverrfaglege helsetenesterfremje deling av beste kunnskap/praksisstyrke engasjementet for arbeid med eldreBygge kompetanse i systematisk kvalitetsarbeidsikre samordning av ressursbruk knytt til fagutviklingVi legg vekt på arbeid med samhandling, pasienttryggleik, implementering av nasjonale retningslinjer/veiledarar og brukarmedverknad. Fagdagane inneheld førelesingar, erfaringsdeling, refleksjon og kunnskap om systematisk kvalitetsarbeid.DriftsansvarUSHT Vestland (Sogn og Fjordane) og SESAM v/lokal koordinator i Helse Førde har ansvar for drift av fagnettverket, og orienterer Fagleg samarbeidsutval om arbeidet ein gang i året og elles ved behov.Mandatet er godkjent av Fagleg samarbeidsutval og avløyser samarbeidsavtalen om fagnettverket. Sist endra 12.02.2024 11.56