USHT samarbeider med Kompetansesenteret i lindrande behandling (KLB), Helseregion Vest, og er også ein del av Ressursnettverket for lindrande behandling og kreftomsorg. Vidare bidrar USHT med rettleiing av tenester som vil i gang med forbetringsarbeid, erfaringsdeling og kompetanseheving i ulike tema innan lindrande behandling.
Digital opplæringspakke i lindrende behandling og omsorg ved livets slutt
Den digitale opplæringspakken er tilrettelagd for helsefagarbeidarar, nyutdanna sjukepleiarar og andre tilsette utan formell kompetanse innan kommunehelsetenesta, som sjukeheim og heimebasert omsorg, og fokuserer på grunnleggjande kompetanse lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet. Opplæringa, som varer i 5-6 månader, integrerer sjølvstudium med mentorleidde gruppesamlingar. I tillegg til å velje ut deltakarar, utnemner USHT/kommunane også mentorar som skal gå gjennom eiga opplæring. Desse mentorane vil deretter leie gruppesamlingar, støtte læringsgruppene og rettleie dei tilsette som deltek i opplæringspakken.
Trykk her for meir informasjon om programmet
Livets siste dagar- plan for lindring i livets sluttfase
Livets siste dagar – plan for lindring i livets sluttfase baserar seg på kunnskapsbasert praksis og er utarbeidt for bruk i Norge. Planen sitt innhald er i tråd med nasjonale og internasjonale prinsipp og anbefalingar for omsorg til døyande. Bruk av ein slik plan kan sikre ei felles, overordna ramme og struktur for behandling, pleie og omsorg i livets sluttfase. Det er utarbeidd versjonar av planen for bruk i sjukeheim, heimetenester og sjukehus.
Gjennom samarbeid med Ressursnettverket i lindrande behandling og kreftomsorg vil USHT bidra til spreiing og kompetanseheving for bruk av planen. Det enkelte brukarstad må registrere seg hos KLB og ha gitt opplæring til tilsette før planen kan takast i bruk.
Trykk her for eit døme på plan Livets siste dager
Sentrale grunnlagsdokument
Beslutningsprosesser ved begrensning av livsforlengende behandling - helsedirektoratet.no
Forhåndssamtaler og planlegging ved begrenset forventet levetid - helsedirektoratet.no
Lindrende behandling i livets sluttfase - helsedirektoratet.no
Palliasjon i kreftomsorgen- handlingsprogram - helsedirektoratet.no
Palliasjon til barn og unge - helsedirektoratet.no