Nettverk for leiing og kvalitetsarbeid i sjukeheim

Dekor - Klikk for stort bilete

Bakgrunn og hensikt

Grunnlaget for nettverket er Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenestene.

USHT fekk i 2022 oppdrag frå Helsedirektoratet å gjere Tryggleiksstandarden kjent og tilby kommunane støtte i å ta det i bruk. Tryggleiksstandarden kan sjåast på som ei operasjonalisering av forskrifta. Les meir her for å få ein Djupare forklaring av tryggleiksstandarden.

Tryggleiksstandard i sjukeheim er eit digitalt verktøy som skal støtte sjukeheimsleiarar med kontinuerleg kvalitetsforbetring. Målet  er å auke bevisstheita om pasientens verdigheit og behov for omsorg og tryggleik, og redusere uønska variasjon mellom sjukeheimane. Dette er eit kontinuerleg arbeid, og vi har difor valt å organisere det som eit «løpande» nettverk som kan gå over tid, med langsiktig fokus på leiing og kvalitetsarbeid. Deltaking i nettverket er retta mot sjukeheimsleiarar og andre ressurspersonar som arbeider med kontinuerleg kvalitetsforbetring i sjukeheim.

Føremål og innhald

Nettverkssamlingane vil ta utgangspunkt i behova i praksis. Tema og fokus for kvalitetsarbeid blir prioritert ut frå deltakarane sine innspel og behov. Deltakarane vil bli kjent med «Tryggleiksstandard i sjukeheim», og USHT vil tilby rettleiing i bruk av innhaldet. Det blir lagt til rette for erfarings- og kompetansedeling, refleksjon og forbetringsarbeid.

Rekruttering, arbeids- og organisasjonsformer

USHT er godt kjent med kommunane sine utfordringar knytt til rekruttering av helsepersonell, sikre nok og rett kompetanse, og organisering av tenestene på ein framtidsretta og bærekraftig måte.

Vi forventar at dette blir eit tema sjukeheimsleiarane ynskjer å løfte fram i nettverket. USHT er i dialog med KS og Tørn-prosjektet og ser korleis ein kan samarbeide framover. Deling av erfaringar og kompetanse er sentralt.

Organisering

  • Regionsvise samlingar (Sogndal, Nordfjordeid, Førde)
  • To samlingar i året der minimum ei samling er fysisk
  • Fysiske / digitale samlingar etter tema og behov
  • Digitale møter/webinar om konkrete tema - ut frå behov.

Samarbeidspartar

  • USHT Helse Fonna kommunane
  • Helsedirektoratet
  • KS
  • TØRN-prosjektet, KS

Ressursar

Tryggleiksstandarden

TØRN-prosjektet

Kontakt

Marta Strandos
Leiar for utviklingssenteret
E-post
Telefon 57 61 26 54
Mobil 41 52 64 16

  

Berit Ullebust
Kreft- og utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 61 28 18
Mobil 94 82 42 54