Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) vil invitere til felles samling i Nettverk for leiing av kvalitetsarbeid i sjukeheim og heimetenester på Thon Hotel Jølster den 6 november.
Nettverket vart først starta opp for leiarar i sjukeheim med bakgrunn i Tryggheitsstandard i sjukeheim.
Dette nettverket er like aktuelt for leiarar av heimetenester. Det er organisert med ei felles samling på hausten og regionale samlingar om våren.
Nettverkssamlingane vil ta utgangspunkt i behova i praksis og tema blir prioritert ut frå deltakarane sine innspel og behov. Det blir lagt til rette for fagleg påfyll for leiarar, erfarings- og kompetansedeling, refleksjon og forbetringsarbeid.
Mange av dykk leiarar var kanskje på Inspirasjonssdag i etikk på Skei den 13.06 der tema var; Etikk og leiing v/Professor Rudi Kirkhaug (UIT). Temaet vart godt evaluert av leiarar som deltok. Kirkhaug m. fl. har på vegne av KS utarbeidd ein rapport som kom i 2023; Etikk og lederskap. Denne rapporten bygger på data frå undersøking blant leiarar i helse- og omsorgstenesta, og bekreftar at etisk kompetanse i leiarskap er svært viktig.
Tema på felles samling i haust er; Frå administrasjon til leiing v/ Proff. Rudi Kirkhaug
Stad: Thon Hotel Jølster
Dato: 6 november 2024
Målgruppe: Leiarar i sjukeheim og heimetenester. Det vere einingsleiarar, avdelingsleiarar, fagansvarlege eller kvalitetsrådgjevarar
Påmeldingsfrist: 18 oktober
Kostnad kr 750
Program vert sendt ut etter påmeldingsfristen.
Påmelding: