SAFE-LEAD Primary Care prosjektet bygger på resultata av den siste EU FP7 prosjektet QUASER. Prosjektet vil tilpasse, gjennomføre og evaluere eit forskingsbasert kvalitets- og tryggleiksverktøy (QUASER-guide) i den norske primærhelsetenesta.
Føremålet med studien er å bygge leiarkompetanse innan kvalitet og tryggleik i primærhelsetenesta, og slik støtte leiarane i deira arbeid i å forbetre tenesta. Dei overordna vitskaplege føremåla er: 1.Undersøke betydinga av konteksten for implementereing av ein leiarintervensjon i kommunehelsetenesta. 2. Teste verknaden av leiarintervensjonen på endring i kunnskap, haldningar og praksis. 3. Utvikle teori for å støtte implementering av framtidige leiarintervensjonar.
Leiarguiden vert testa ut i ein 2 -stegs intervensjon i 4 sjukeheimar og 4 kommunale heimetenester. Prosjektet skal bidra til opplæring av leiarar, gje dei verktøy og kompetanse, og har potensiale til positivt å påverke reduksjon av pasientskader, biverknader og helsekostnader i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Dei norske resultata skal samanliknast med resultat frå ein tilsvarande studie i Nederland.
Prosjektet er leia av Universitetet i Stavanger ved professor Siri Wiig. Utviklingssenteret i Sogn og Fjordane er medforskar, saman med Songdalen kommune, Brukerepresentant, Helsedirektoratet v/Pasient- og brukarombodet i Vestfold og ERASMUS University i Nederland.
Prosjektet har fått tildelt 12 mill frå Norsk Forskingsråd. Sjå og informasjon på heimesida til Universitetet i Stavanger.
Prosjektperiode: 2016-2020.
Universitet i Stavanger, SAFE-LEAD
SAFE-LEAD, omtale på engelsk
Improving quality and safety in nursing homes and home care: the study protocol of a mixed-methods research design to implement a leadership intervention
The role of contextual factors for quality improvement work in nursing homes and home care services