Første samling i nettverk for leiing og kvalitetsarbeid i sjukeheim

Bilete av deltakarar på samling i Nordfjordeid - Klikk for stort bilete

I februar og mars har USHT arrangert fysiske samlingar i nettverk for leiing og kvalitetsarbeid i sjukeheim. Det har vore gjennomført i Førde, Sogndal og i Nordfjordeid.

Nettverk for leiing og kvalitetsarbeid i sjukeheim er eit nyoppretta nettverk der USHT har invitert inn avdelingsleiarar og ressurspersonar med ansvar for kvalitetsarbeid.

USHT har gjennom fleire år tilbydd opplæring i forbetringarbeid gjennom ulike nettverk, men har ikkje hatt eit tilbod direkte til sjukeheimsleiarane. I samband med at USHT i 2022 fekk i oppdrag å gjere kjent Tryggleiksstandarden og støtte kommunane og leiarane til å ta den i bruk, vart nettverket starta opp. Tryggleiksstandarden er ei operasjonalisering av forskrift om leiing og kvalitetsarbeid. Verktøyet skal fungere som ei støtte i arbeidet med å drive systematisk styring, leiing og kontinuerleg forbetring. Tryggleiksstandarden vil vere førande for arbeidet i nettverket, men USHT ynskjer eit langsiktig arbeid med fokus på leiing og kvalitet. Nettverksmøta tek utgangspunkt i behova i praksis. Tema og fokus for kvalitetsarbeid blir prioritert ut frå deltakarane sine innspel og behov.

Vidare omtalar vi samlinga i Nordfjordeid, det faglege innhaldet har vore det same på samlingane i Førde og Sogndal.

Samling Nordfjordeid

Marta Strandos, leiar for USHT, starta dagen med å fortelje kort om kva USHT er og korleis vi jobbar. Vidare forklarte ho litt om bakgrunnen for og føremålet med nettverket. Strandos var tydeleg på at tryggleiksstandarden på mange måtar ikkje er noko nytt som sjukeheimsleiarane må forhalde seg til, sidan dei allereie har jobba systematisk med kvalitetsarbeid. Verktøyet er der for å støtte dei i dette arbeidet.

Bilete av Marta Strandos - Klikk for stort bilete

Sidan dette var fyrste samling i nettverket, var det fleire som ikkje kjende kvarandre. I slike nettverk er ein sentral del å utveksle erfaringar på tvers av einingar og kommunegrensar. Derfor vart det gjennomført ein uformell bli-kjent-aktivitet, som senka terskelen for å bidra, og dette verka positivt i vidare samtalar og gruppearbeid.

Bilete av deltakarar - Klikk for stort bilete

I det første gruppearbeidet vart deltakarane delt inn på tvers av kommunar, og fekk i oppgåve å kartlegge behova deira. Saman måtte dei svare på kva utfordringar og moglegheiter dei har i sin arbeidskvardag. Etterpå vart det ein felles diskusjon og erfaringsdeling i plenum.

Bilete frå plenumsdiskusjon - Klikk for stort bilete

Etter det første gruppearbeidet gav Strandos ein djupare introduksjon til tryggheitsstandarden og kva som ligg der av relevant materiale. Tryggheitsstandarden angir kva som er gode metodar, verktøy og god praksis, men nasjonale føringar og forventningar i standarden skal settast inn i ein lokal kontekst. Tryggheitsstandarden skal ikkje vere eit parallelt system til eksisterande fagsystem eller kvalitetssystem, men relevant innhald skal byggjast inn i eksisterande verktøy som kommunane nyttar.

Neste innlegg kom frå Berit Ullebust, som også har ei stilling i USHT og som kreftkoordinator i Sunnfjord kommune. Ullebust presenterte ulike kartleggingsverktøy for leiarar. Å kartlegge statusen og områdene som har betydning for pasientsikkerheit og kvalitet i sjukeheimen, er avgjerande for å kunne få oversikt, identifisere forbetringsområder og gjere vidare prioriteringar. Til dømes fortalde Ullebust om Snakk om forbedring!, Pasientsikkerhetsvisitter og I pasientens fotspor.

Bilete av Berit Ullebust - Klikk for stort bilete

Til slutt vart det gjennomført eit nytt gruppearbeid. Det er viktig for USHT å få vite kva tema sjukeheimsleiarane ønskjer å prioritere i kvalitetsarbeidet, og korleis dei ønskjer at samlingane skal organiserast. Som nemnt tidlegare skal samlingane ta utgangspunkt i behova i praksis, og det vil vere førande for vidare aktivitet i nettverket. I gruppene måtte deltakarane også ta stilling til korleis dei skal jobba vidare med dette på eigen arbeidsstad framover.

Bilete av deltakarar - Klikk for stort bilete

Samling Sogndal

Her ligg bilder frå den same oppstartssamlinga i Sogndal. 

Presentasjon frå samlingane

Febr-mars 2023. Nettverk leiing og kvalitetsarbeid i sjukeheim